Ei god LIVE-helg i Os
Blues, rock og canadisk pianobar: Tre utestadar i Os byr på til saman fire kveldar med LIVE-musikk denne helga.
Helga byr på både fine vêrmeldingar og bygdekino i Oseana.
Men også for vaksne som vil ha kulturopplevingar på kveldstid kan dette bli ei innhaldsrik helg i Os.
Vinterblues på Peppes
Fredag kveld er det tid for årets første blueskveld på Peppes.
Osøren Blues & Jazzfestival sørgjer saman med pizzarestauranten for å halda blues-publikummet i Os varm mellom festivalane.
I kveld er det Rune Nordvik – alias Papa Slide – som står for musikken. Papa Slide, som kjem med nytt album til våren, har med seg Lars Hammersland på orgel, Geir Rogne på bass og Valentin «Papi» Doner på trommer.
Aasmundseth på Irish Cat
Jens Erik Aasmundseth, kjent frå blant anna Major Parkinson, debuterte med sitt nye band, The Beauty, til stormande jubel på Søfteland Rock N LOL i sommar.
Fredag byr Irish Cat på DJ Frode, laurdag speler Aasmundseth LIVE.
Canadisk pianist på Solsiden
Solsiden held fram med pianobar kvar fredag og laurdag, også gjennom vinteren.
CJ Marvin har mange blitt kjent med, denne helga kjem Laine DeWolfe til Os.
Laine er fødd i Canada og byrja å spela piano då han var fire år. Han har studert ved Royal Conservatory of Music og har jobba ved fleire teater i hemlandet før han tok turen til Europa for å jobba som pianoentertainer.
DeWolfe har jobba i Irland, Japan, Sveits og Tyskland - i tillegg til Skandinavia, og bur no i Noreg.