– Ei frisparkperle
Os tok leiinga 1-0 etter ei frisparkperle frå Erik Kanestrøm. Kopervik utligna på noko som skulle vore avblåst for offside. – Eg er nøgd, sjølv om vi skulle vunne, seier Tore Nielsen.
Haustsesongen starta rekordtidleg for a-laget til Os Turn då dei laurdag tok turen til Koparvik. Etter 15 minutt satte Erik Kanestrøm inn 1-0 etter det trenar Tore Nielsen beskriv som ei frisparkperle.
– Vi gjer ein god kamp, med god struktur i laget.
– Kopervik skapte eigentleg ingenting, fortel Nielsen.
Likevel blei det berre 1-1 etter at Kopervik hadde utligna like før pause på ei sjanse som burde vore avblåst for offside.
– Kopervikspelaren sto heilt inne på streken. Det var ein heilt klar offside.
Blitt betre borte
Sjølv om dei blei poengdeling er Nielsen nøgd med laurdagens kamp.
– Vi burde vunne, men får vera nøgd med det eine poenge.
– Gutane har heva seg mange hakk på bortebane frå vårsesongen.
– Kjekt var det å sjå at medan Kopervik spelarane fekk kramper utover i kampen, malte vi på.
– Eg gjorde berre eitt byte, etter 75 minutt, så gutane har gjort ein god jobb i sommar, smiler trenaren som gler seg til lokaloppgjeret mot Lysekloster neste helg.
Kopervik - Os 1-1 (1-1)
Os sitt lag: Anders Kloven, Børge Borgen, Stian Lunde, Håvard Grøteide, Torkel Hjertnes, Preben Borgen, Anders Kinden, Stian Bakke (Mats Lepsøe etter 75 min), Erik Kanestrøm, Roar Vestbø og Christer Olsen.
Etter eitt poeng på bortebane ligg Os på 4. plass med 23 poeng, seks poeng bak Stord.