– Eg klarer ikkje å legga opp
Stian Lunde tar sin 15. sesong for Os. Også spissane Christer Olsen og Roar Vestbø er no klare for 2014-sesongen.
Fredag signerte Erik Kanestrøm med Os. No blir Stian Lunde også verande:
– Vi har no signert Stian Lunde, Christer Olsen og Roar Vestbø. Vi er veldig nøgde med å få med også desse rutinerte spelarane, både Lunde og dei to spissane, seier sportssjef i Os, Lars Bakkerud.
Christer Olsen skaut Os opp i 2. divisjon på overtid i opprykkskampen mot Austevoll i 2009. Unge, men sterke Roar Vestbø har den siste sesongen skåra mange mål for både Os, Os 2 og juniorlaget.
Eldstemann, og bestemann, vil mange seia, Stian Lunde held også fram som Os-spelar.
– Eller skal vi kalla dei eit comeback?
– Ja, det kan du godt seia. Dei siste åra har eg vurdert å legga opp og i fjor bestemte eg meg. Allereie i sommar sa eg ifrå til leiinga i Os at eg ikkje er med i 2014.
Travle veker
Lunde, som fyller 32 år i år, jobbar som lærar og er far til to. Han er gift med Maria Stangeland Lunde, som er aktiv med 2. divisjonslaget til Os Turn Handball.
– Eg synest det er vanskeleg å få tid til trening og A-lagsspel, og no hadde eg bestemt meg.
– Men det var mykje vanskelegare å legga skoa på hylla enn eg trudde.
Viktige "veteranar"
– Med denne satsinga til klubben blei det endå vanskelegare å halda seg unna Kuventræ. Jørn Vegard Berge og Rune Fjellberg, som eg kjenner godt, som trenarar, og Leif Berge, som eg har høyrd gjetord om sidan eg byrja å spela seniorfotball, det er veldig spennande.
– Men det var avgjerande at klubben fekk ein god stall. Tidlegare når eg har vore usikker så har eg likevel vore blant dei første som har sagt klart ja.
– Denne gong venta eg, men då Erik Kanestrøm kom tilbake, tre spennande utlendingar dukka opp og Torkel Hjertnes, Mats Lepsøe og andre spelarar er med vidare, då var det berre til å få grønt lys heime, og hos besteforeldre som passar ungane medan vi trener, så eg kunne takka ja.