– Eg har vore heldig
Tor-Egil Myksvoll starta butikk 1. mai. Dei to første månadane selte han 12 bubilar.
I mai opna Bomobil AS butikk i Industrivegen, ved E39 og Svegatjørn, der den nye vegen til Bergen i framtida skal vidare i tunnell.
– Eg har vore heldig med plasseringa, og med starten på salet, seier innehavar Tor-Egil Myksvoll om utandørsutstillinga og lokalet i Sibi-bygget Aspenes-brørne Espen og Knut Jarle no eig.
12 selte bubilar før ferien var langt meir enn han hadde håpa på.
– Klarer eg 20 før nyttår er eg veldig nøgd, og det bør nok gå etter denne starten.
Italiensk design
Myksvoll starta med fire bubilar, har levert fem og har sju i bestilling.
– Eg sel fleire merker, men er i hovudsak Rimor-forhandlar. Fiat har som på fleire andre bubilar motor og chassis, hytta og innreiinga er Rimor, som også er italiensk.
Prispress
Ved sidan av god eksponering mot trafikerte E39 trur Myksvoll at gunstige prisar har vore sterkt medverkande til den gode starten.
– Bilane er også annonsert på nett, og ein av dei første kundane mine kjøpte usett per telefon frå Lofoten. Elles har kundar kome frå både Os, Bergen, Arna og Åsane.
– Pris betyr mykje og Rimor er i alle ledd opptatt av å levera mykje for kronene. Forskjellane er store og det er fleire som har kommentert at dei hos oss anten kan spara 70.000-80.000 på same innhald som anna merke, eller at dei rett og slett får råd til å gå opp ein storleik eller to.
– Eit fint liv
Tor-Egil Myksvoll har budd i Os i over 20 år, og har bakgrunn innan byggebransjen.
– Eg alltid likt camping, så eg har mykje erfaring. Men det er som camper, ikkje som seljar. Denne jobben synes eg likevel er enkel og fin, å prata om camping, utstyr og dela tips og opplevingar fell naturleg.
– Eg var nyleg i Sverige i to veker i bubil, eg, kona og ungane, som er frå fire til tretten år. Vi hadde det heilt supert og søv godt å lenge sjølv om vi budde kompakt.
Liten, større, kjempestor
Rimor har 42 modellar, med frå 2 til 7 senger, frå knappe 500.000 til rundt 750.000 kroner i pris.
– Alle bubilane frå Rimor kan kjørast på klasse B, altså utan førarkort på over 3,5 tonn.
Myksvoll kjem ikkje til å supplera utvalet med campingvogner, men husvogner er på veg inn i utvalet.
– Dei første kjem i utstillinga no i haust. Dette er vogner meint for plassering på eigd eller leigd plass, hytter frå 30 til 75 kvadratmeter, fra 250.000 til 800.000 kroner i pris. Husvognene er produsert i England og blir levert ferdig innreia.
– Kva med utleige av bubil, er det noko du kjem til å satsa på?
– Eg har inntrykk av at leigemarknaden er god, og det er faktisk ein i Os som har kjøpt vogn av meg for å starta med utleige.
Kjetil Lavik er i ferd med å etablera eige firma. Han startar med éin bil i haust og har plan om å auka til to før sesongstart våren 2012.
– Lavik kjem til å ha base her hos meg, men det blir han som skal styra med leigekundane. For nykomarar kan det å leiga bubil gje ein fin forsmak på det å investera i ein, seier Tor-Egil Myksvoll.