– Eg har stemt 100 gongar
Fredrik imponerte – stor stemning på Idol-vake på Solsiden.
Osingen Fredrik Dahle Kristiansen var fjeredemann ut i kveldens Idol-semifinale og trøkte skikkeleg til på det som var hans første framføring på ein scene.
– Eg har ein gjeng fantastiske kollegaer som sit på vake på Solsiden, fortalte Fredrik til programleiar Stian Blipp etter å ha hausta ros frå både Kurt Nilsen og «Dansken».
På Solsiden sit to-tre venegjengar i tillegg til ei stor gruppe kollegaer av Fredrik frå Kiwi Moberg.
– Fredrik var råflink og vi vil senda han vidare. Vi har alle sendt over 50 stemmer på sms, seier jentegjengen.
– Eg har sendt over 100, skyt ein annan kollega inn.
Rundt klokka 22 får vi veta om Fredrik tar ein av dei to finaleplassane. For å stemma osingen fram sender du 4 til 26400.