Gledeleg gjensyn: Ambisiøs ungdom på Os 2 i trening igjen
God stemning på Kuventræ då Os 2 starta opp igjen med organisert trening.
Os 2 starta på lik linje som Os A-lag opp igjen med organisert trening på Kuventræ denne veka.
Med trenar og lagkameratar på plass var Os 2-kaptein, Emre Duvarci, svært glad for å koma i gang igjen med fotballtrening.
– No er det lenge sidan vi har trent saman, og eg trur dette skal bli veldig kjekt. Eg har sakna lagkameratane mine, seier Duvarci.
Må tenkja annleis
Os 2 har tidlegare i år fått på plass ny trenar frå Portugal, Nuno Miguel Santos Marques, som i denne perioden må planlegga for litt annleis aktivitet enn vanleg.
– Ja, det er slik det berre er i desse dagar, vi må gjere det beste ut av situasjonen. Men det er klart at vi må tenkje litt annleis enn kva vi normalt hadde gjort på dette tidspunktet, påpeiker Nuno.
I tillegg må Nuno og medtrenarar vaska utstyr både før og etter trening.
– Det er sånn det er, vi forhold oss til dei retningslinjane vi har fått utdelt, seier Nuno.