– Eg gler meg!
I månadsskifte blir det "good old days" når Scala sitt 50-årsjubileum feirast i Bergen med mellomanna Tornado, Galaxy og Magne Lunde på plakaten.
På 60-talet var Scala den mest populære samlingsplassen i Bergen. I desse dagar er det 50 år sidan uteplassen opna, noko som skal markerast med eit gjensyn med fleire av dei som turnerte land og strand.
– Eg var faktisk på Scala berre ein gong, då eg var fjorten. Då tykte eg den musikken som blei spelt var berre tull, men eit halvt år etter hadde eg skifta meining, fortel Magne Lunde.
Tenna i tapeten
På showet 31. mai og 1. juni trakterar Magne trommene for Pussycats, Hoolegans, Hunters, Rune Larsen og Helge Nilsen.
– Det blir jækla gøy, eg gler meg.
Trommeslageren er sikker på at det blir hæla i taket og tenna i tapeten.
– No må berre folk kjenne si besøkelsestid, oppmodar Lunde.
Fjellheim i byen
Showa er på SAS-hotellet på Bryggen.
– I tillegg til å feira Scala har vi tatt striladansen til byen.
– Vi riggar scene frå Popuken i Espelandshallen frå 1966, Dansen på Bergheim på Askøy og dansen i Fjellheim på Os, fortel Helge Nilsen.
Tornado og Galaxy
Frå Fjellheim har arrangørane henta dei legendariske banda Tornado og Galaxy.
– Båe dei banda har folk frå Os, så vi blir godt representerte, seier Magne Lunde.
Tornado tok oppatt gamle kunster i fjor haust då dei etter ei 50 år lang pause gjekk på scenen på Nøsteboden i regi av Bergen Beat Club. No blir det altså moglegheiten til eit nytt gjensyn med det populære Os-bandet.