- Eg er veldig spent
Hilde Louise Asbjørnsen gler seg til å vitja Os. - Eg har høyrt mykje bra om kulturhuset. Eg er spent på å sjå det og å opptre for osingane, sprudlar artisten.
Laurdag kjem Hilde Louise Asbjørnsen med band til Oseana med konserten "Månesjuk".
- Det blir ein litt rocka jazzkonsert med mix av originalmaterialet på dei tre siste platene mine, fortel Hilde Louise Asbjørnsen.
Asbjørnsen blei for alvor kjent i det norske folk då ho saman med Lene Kongsvik Johansen tok revy og showscena med storm i duoen Asbjørnsen og Joh. Ho har òg vunne komiprisen 2011 i klassa beste kvinnlege artist revy og komedie og Maestro på NRK 1 kor ho konkurrerte med fleire andre norske artistar i å dirigera kringkastingsorkesteret.
I grenselandet til jazz
Hilde Louise Asbjørnsen har gjeve ut heile sju jazz-album i løpet av karriera.
- Eg er inspirert at den litt kraftige, nostalgiske jazzen som til dømes Duke Ellington sto for.
- Når eg i bandet har med meg unge jazzmusikarar som er meir inspirert av den hippe jazzen blir det ei fantastisk kombinasjon.
- Felles for både meg og musikarane er at vi elskar det cabaret-aktige landskapet Tom Waits opererar i, noko som gjer at fleire har omtala musikken i grenselandet til jazz.
Ikkje berre for blodfan
Den dyktige jazzmusikaren, som i Aftenposten blir sammenligna med Billie Holiday, lovar ei spennande reise gjennom låtane og framsyninga.
- Eg liker å prata med publikumet mellom låtane.
- Når eg i tillegg har så dyktige solistar som musikarar må vi rydda plass også til dei, slik at det blir ei god reise for publikum.
- Så det er ikkje berre for det harde jazz-publikumet altså?
- Nei, så absolutt ikkje. Det har vore folk på konsertane våre som har kome etterpå og sagt at dei ikkje trudde dei likte jazz, men at dette hadde vore midt i blinken, smiler Asbjørnsen.
Dialekt blei nært og personleg
Den siste plata, Månesjuk, er i sin heilhet skrive på Sykkylven-dialekta til Asbjørnsen.
- Det var eit lite eksperiment, som eg no følte eg var klar for.
- Det blei veldig nært og personleg når eg skreiv på mi eiga dialekt. I tillegg så tykkjer eg den vestlandske dialekta kling så fint.
- Samstundes var det utfordrande, for det norske spåket har så mange stavelsar og dermed blei det vanskelegare med rytmikk og timing.
- Det du på engelsk bruker ei linje på, måtte eg no bruke eit lite vers for å få med, forklarar Asbjørnsen.
Sjå og høyr Hilde Louise her: Gjer det igjen
Kastar av trommisen
Asbjørnsen speler tidlegare på laurdagen i Haugesund.
- Det var nokon som tenkte var ein god idé då vi satte opp turnéplanen.
- Det blir litt heseblesande, men eg kan lova vi er godt oppvarma og veldig energiske når vi kjem til Os på kvelden.
- Vi "kastar av" lydteknikaren og trommeslagaren når vi passerar Os på veg sørover, så får dei ta seg av rigginga for oss andre, ler vokalisten.
Olga verdt billetten aleine
Pianist Anders Aarum har vore ein viktig støttespelar for Hilde Louise gjennom fleire år, både på tangentane og som produsent.
- Eg har gitt han fri for at han kan hjelpa Christel Alsos på hennar turné.
- I staden har eg fått med meg ein skatt av ein pianist i Olga Konkova.
- Ho er eit russisk fyrverkeri utdanna frå Moskva og Berklee i Boston og er verdt konsertbilletten aleine, skryt Asbjørnsen.
I tillegg til Konkova har Asbjørnsen med seg Jens Fossum på kontrabass, Svein Erik Martinsen Ånestad på gitar og Ivar Thormodsæter på trommer.