– Eg er stolt av Eirik
På vegne av Os kommune sender ordførar Terje Søviknes både gratulasjonar og ei varm takk til Skal vi danse-vinnar Eirik Strønen Søfteland.
Laurdag kveld vann osingen Eirik Strønen Søfteland finalen i årets Skal vi danse på TV2.
– Gratulerer! Vi var mange som var overraska og skuffa då han ikkje stakk av med sigeren i Idol, eg unna verkeleg Eirik sigeren i kveld, seier ordførar Terje Søviknes.
Flott og ekte
Dommar Tor Fløysvik sa mykje fint om Eirik som person då han i dag sa at han hadde osingen som favoritt.
Søviknes er einig og meiner at Eirik har vore ein veldig god ambassadør for Os.
– Kvar enn eg reiser så nemner folk Eirik. "Ein flott fyr", "han er så ekte og så livleg" er kommentarar som går igjen.
– Eg vil takka Eirik for at han har gjeve oss osingar så mykje glede i 2013, og eg ser fram til å følgja han og musikken hans vidare.
Vil visa Eirik i Os
Etter 2. plass i Idol og 1. plass i Skal vi danse vil Søviknes understreka at sjølv om Eirik lager mykje ekstra show, skin det tydeleg gjennom kor flink han er i det han driv med.
– Han er ein stor entertainer, men i botnen ligg det kvalitet på det han driv med. Han er veldig musikalsk og har jobba hardt for å bli flink å dansa.
– Eirik er ein veldig god representant for kulturlivet i Os, vi gler oss til han kjem heim og vi håper vi kan laga til noko snart, ein arena der vi kan få heidra han, seier Søviknes.