Sport | 13. sep. 2014

– Eg er nøgd med angrepsarbeidet

Damelaget var god i starten og slutten av dagens serieopning og tar stortapet med eit smil.

– Eg er nøgd med angrepsarbeidet
Berre Madeleine Hjertnes sette inn fleire mål enn Elise Hjelle (bildet) i dag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylaurdag 13. sep. 2014 20:32

Bildeserie:

Elise sette inn sesongens første Os-mål, 1-2. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Elise sette inn sesongens første Os-mål, 1-2. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Madeleine blei toppskårar med 6 mål. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Madeleine blei toppskårar med 6 mål. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Caroline Cook (t.v.) får skryt for forsvarsarbeidet sitt. Også keeper Vibeke var stødig i dag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Caroline Cook (t.v.) får skryt for forsvarsarbeidet sitt. Også keeper Vibeke var stødig i dag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Gitte Torp fortel om godt humør og stor kampvilje i troppen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Gitte Torp fortel om godt humør og stor kampvilje i troppen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Malin Hjelle gjorde comeback etter fire år og skåra to på rad. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Malin Hjelle gjorde comeback etter fire år og skåra to på rad. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Tonje har vore vekke i eitt år, også ho sette inn to. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Tonje har vore vekke i eitt år, også ho sette inn to. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Småfrekk! Elise skåra ikkje på lobben t.v., men skruen t.h. gjekk rett inn. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Småfrekk! Elise skåra ikkje på lobben t.v., men skruen t.h. gjekk rett inn. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Malin L. Fosen skåra kampens siste Os-mål. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Malin L. Fosen skåra kampens siste Os-mål. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
1 av 8

Laurdag ettermiddag var det seriestart i Oshallen. Damelaget til Os tok imot Stord i ein kamp som starta og slutta jamt, men der heimelaget førebels ikkje er samspelt nok til å stå godt nok imot i forsvar.

– Med fleire ute og fleire comeback kjem vi til å bruka litt tid på å spela oss inn, og dette er mest synleg i forsvar. I angrep klarte vi oss greit, seier trenar Gitte Torp.

– Stord var gode og vi kjem til å spela betre enn dette utover i sesongen. No skal vi jobba ein del med forsvarsarbeidet. Det kom seg litt i andreomgang, Caroline Cook var blant dei som sto fram og tok mykje juling. Det skal gjera vondt å spela godt i forsvar.

Os - Stord 20-33 (9-15)
Målskårarar: Madeleine Hjertnes 6, Elise Hjelle 5, Silja Espeleid Lunde, Tonje Hjertnes 2, Malin Hjelle Berentsen 2, Marte Øvreeide, Hilde Kristine Røttingen og Malin L. Fosen.
2 minutt: Os x 1 (Malin H. B.)
Tilskodarar: 75

Os hang med og utlikna frå 0-2 til 2-2 og frå 2-4 til 4-4. Etter halvspelt førsteomgang sto det 5-6.

Vibeke Ingebrigtsen sto stødig i mål, men så byrja det å svikta framover med både stolpeskot og misbrukte sjansar då Os 3-4 gongar kunne ha kontra.

Saman med svakt forsvarsarbeid blei det opna for at gjestane kunne dra i fra.

Også starten på 2. omgang var svak for Os sin del, men Elise, som sette inn tre av tre frå 7-meteren i første omgang, sto for kampens første skåring på kontring på 14-25 og frå 15-28 blei det fem mål kvar på dei to laga.

Lite kamptrening - stor kampvilje

I tillegg til svak oppkjøring og stor utskifting fekk Os ingen treningskamp før seriestart. Fleire av dei meir rutinerte på laget har dessutan ikkje spelt på endå lengre stund.

– Eg fekk berre 5-6 kampar i fjor, sist eg spelte i Oshallen trur eg var i oktober i fjor. Tonje har ikkje spelt kamp på 1,5 år, seier dagen topskårar, Madeleine Hjertnes.

Svakt oppmøte på trening i mai og juni etterfølgt av berre to veker oppkjøring etter sommaren set sine spor.

– Men no er vi i gang og både humøret og spelelysta er på topp i troppen, seier Gitte, som allereie gler seg til neste runde.

Os møter Voss på bortebane i neste kamp, som går 22. september.

Sotra starta serien med å slå Jotun.

Terminliste og tabell.

Os sitt herrelag speler serieopning borte mot Kjøkkelvik 2 i morgon kveld.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.