Kultur | 28. apr. 2013

– Eg blei så rørt at eg gløymte teksten

Bildeserie: Kvelden som tok Eirik til topp 3 i Idol.

– Eg blei så rørt at eg gløymte teksten
Etter fredagens episode er det desse tre som står igjen; Siri Vølstad Jensen (17), Eirik Søfteland (24) og Steffen Jakobsen (23). (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysundag 28. apr. 2013 10:52

Bildeserie:

Gjengen starta med ein hyllest til Kurt Nilsen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Gjengen starta med ein hyllest til Kurt Nilsen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Siri Vølstad Jensen framførte «This Year's Love» av David Gray. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Siri Vølstad Jensen framførte «This Year's Love» av David Gray. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Eirik Søfteland med Frank Sinatras «My Way». (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Eirik Søfteland med Frank Sinatras «My Way». (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Astrid Sugaren song «Everybody Hurts» av R.E.M. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Astrid Sugaren song «Everybody Hurts» av R.E.M. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Steffen Jakobsen song «Hurt» av Nine Inch Nails/Johnny Cash.(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Steffen Jakobsen song «Hurt» av Nine Inch Nails/Johnny Cash.(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Gunnar Greve, Tone Damli, Esben Selvig og Kurt Nilsen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Gunnar Greve, Tone Damli, Esben Selvig og Kurt Nilsen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Siri song «I'm On Fire» av Bruce Springsteen med Alejandro Fuentes. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Siri song «I'm On Fire» av Bruce Springsteen med Alejandro Fuentes. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Eirik og Gaute Ormåsen song «Say Say Say» av Paul McCartney og Michael Jackson.(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Eirik og Gaute Ormåsen song «Say Say Say» av Paul McCartney og Michael Jackson.(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Astrid og Aleksander With framførte «Ho Hey» av The Lumineers. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Astrid og Aleksander With framførte «Ho Hey» av The Lumineers. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Steffen song «Personal Jesus» med Erik Flaa. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Steffen song «Personal Jesus» med Erik Flaa. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
1 av 10

Fredag blei nok ein kveld der osingen Eirik Strønen Søfteland hausta ståande applaus av dommarpanelet, fekk mykje ros, og gjekk vidare nok eit steg mot superfinalen i Oslo Spektrum.

Eirik er berre éin runde unna finalen, sisterundet 10. mai der vinnaren av Idol 2013 skal kårast.

Eirik er den einaste av deltakarane som aldri har blitt ståande blant dei tre eller to som har vore i fare for å ryka ut.

Les òg: – Ei svært god stemme

– Eg tenkjer at éin gong må det ta slutt med all denne skryten. Og for å vera ærleg så synest eg at dei kunne vore litt kritiske etter soloen min, My Way blei ikkje heilt som eg hadde håpa på, seier Eirik til Midtsiden.

Blei rørt av publikum

Midtsiden var i salen under fredagens sending, og opplevde den spesielle stemninga då Eirik var på scenen. Det var litt ekstra med liv i publikum då Eirik song, og eit lite stykke ut i My Way løfta dei armane over hovudet og svinga dei frå side til side.

– Det var heilt fantastisk å sjå på frå scenen, og eg blei så rørt og levde meg sånn inn i det at eg ei kort stund gløymte kvar eg var.

– Eg gløymte teksten, men henta meg delvis inn igjen og tok ei anna strofe frå same song. I tillegg var det voldsomt trøkk i bandet, så eg høyrte nesten ikkje min eigen vokal.

Blei spelt på P3

Astrid Sugaren rauk og av Idol fredag. No står Eirik ogjen med Steffen og Siri.

– Det er litt rolege dagar i Idol-huset no. Men dagane er ikkje rolege, vi bruker berre meir tid på førebuing og på jobbing kvar for oss.

Allereie laurdag formiddag var Eirik i TV-studio igjen. Kva han gjorde og kven han og dei to andre finalistane fekk møta kan han førebels ikkje fortelja, men han seier at han sjølv fekk seg ei stor overrasking.

– Men ei anna kjekk overrasking kan eg fortelja om, eg høyrde meg sjølv på P3 i går, for første gong. Det var stas å høyra "Gonna go my way"

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.