E39 kan bli forseinka
E39 Svegatjørn - Rådal: Krangel om elektrokontrakt må opp i retten. Kan gjera at heile prosjektet blir forseinka.
Etter planen skulle eigentleg arbeida med elektroinstallasjonane i dei nye tunnelane på E39 mellom Os og Bergen vore i gang i vår, men slik blei det ikkje, ifølgje BA.
Statens vegvesen gav i utgangspunktet kontrakten, verdt om lag 350 millionar, til AF ABB AS og Magnus M. Thunestvedt AS.
Dei la inn eit anbod på 327,5 millionar. På andreplass kom Bravida Norge AS med eit anbod på 351,4 millionar kroner.
Les: 100 millionar i forskjell
Etter at anbodet var tildelt klaga Bravida på kåringa.
Ifølgje BA meinte dei at vegvesenet hadde oversett at ABB og Magnus Thunestvedt AS ikkje oppfylte alle krava i konkurransen. Dette sa vegvesenet seg einig i, og gav i november dei opprinnelege vinnarane beskjed om at dei likevel ikkje fekk kontrakten.
Ny vinnar blei Bravida.
Anka til retten
ABB/Thunestvedt klagde til vegvesenet i to rundar utan at dette førte fram. Difor tok dei saka til retten. Der vann dei fram ved at byfogden i Oslo trakk slutninga om at vegvesenet ikkje har høve til å inngå nokon kontrakt før utfallet av ein ny rettsak er klart.
I denne rettsaken, som kjem opp i august, skal det avgjerast om anskaffingsreglane er brotne.
Prosjektleiar Sverre Ottesen seier til BA at han ser tre utfall av saka. Anten vinn Bravida, eller ABB/Thunestvedt eller så meiner retten at anbodskonkurransen må lysast ut på nytt.
Same kva utfallet blir kan saka ankast og påklagast.
Resultatet kan bli at opninga av den nye vegen blir forseinka og at den ikkje opnar i 2022 som planlagt.