E-sport: Os Fotball startar eige FIFA-lag
Jaktar på talentfulle FIFA-spelarar i kommunen.
– Målet vårt er å finna dei beste FIFA-spelarane i Bjørnafjorden kommune. Desse spelarane vil få tilgang på øvingslokale og utstyr her på Kuventræ, og danna eit FIFA-lag i klubben vår.
– Dette FIFA-laget skal representera klubben som alle dei andre laga vi har, seier Rune Mo.
Siktar mot noregstoppen
I nasjonale FIFA-turneringar, som til dømes NM, er det slik at det er to og to som speler mot kvarandre. Dette gjer at Os Fotball i starten ikkje kjem til å ta inn mange utøvarar til sitt nye FIFA-lag.
– Vi har i første omgang tenkt at vi tek inn fire utøvarar. Desse vil utgjera klubbens FIFA-lag og konkurrera internt i klubben. Dei to beste vil etterkvart konkurrera saman i forskjellige turneringar, som til dømes NM.
– Målsetjinga er at vi skal kunne vera med å konkurrera på eit nasjonalt høgt nivå. Vi satsar på at vi etterkvart kan vera med å delta på dei gjevaste turneringane i landet og hevda oss i noregstoppen, påpeikar Mo.
Kvalifisering i november
I november blir det første uttaket av FIFA-spelarar unnagjort på Kuventræ.
– 2. eller 3. november kjem vi til å arrangera eit uttak. Då endar vi opp med eit lag på fire spelarar.
Men sjølv om du no i november vert teken ut til å utgjera Os Fotballs FIFA-lag, vil du i løpet av året få konkurranse om plassen.
– Vi kjem til å ha ei årleg klubbturnering, her vil alle kunne utfordra desse fire som vi tek inn no i første omgang, seier Mo.
Inkluderer fysisk trening
Sjølv om det høyres behageleg ut å sitja og spela FIFA, må det fysisk trening til for å enda opp på eit høgt nivå.
– Det blir ikkje berre speling og stillesitjing, desse utøvarane skal trena i 30 minutt eller meir i forkant av spelinga. Vi har mange forskjellige treningsmoglegheiter, dei kan til dømes jogga eller gå på løpebanen, dei kan svømma i Osbadet eller dei kan sjølvsagt spela fotball, seier Mo.
– Viss vi ser på dei som er best i landet og dei som presterer internasjonalt, så er det mykje fysisk trening som blir lagt ned i løpet av ei veke.
Manglar utstyr
I nysatsinga til klubben på Kuventræ, er det noko essensielt som manglar i lokala.
– Vi treng utstyr! No må vi få på plass den nye Playstation 5 som kjem i haust, nye konsollar, profesjonelle gamingstolar og gode skjermar.
– Vi har med andre ord ein jobb å gjera inn mot laguttak og dei første treningsøktene, avsluttar Mo.