E-39: Regjeringa godkjenner vegen!
Grønt lys for ny veg: Stortingsproposisjonen for E39 Svegatjørn-Rådal blir truleg behandla og sendt til Stortinget i dag. Søviknes inviterer til pressekonferanse klokka 11.45.
Ein mangeårig kamp ser endeleg ut til å gå mot ei løysing og bli ein realitet.
I statsråd på Slottet i dag får samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen truleg tilslutning frå HM Kongen og dei øvrige regjeringsmedlemmane til å senda proposisjonen for å bygga ny veg mellom Os og Bergen til Stortinget for endeleg behandling.
Også Bergens Tidende har fått tilsvarande signal:
«Etter det BT erfarer, er en lenge etterlengtet sak fra Hordaland blant dem regjeringen godkjenner i dag» skriv BT.no. «Dere får vente og se hva som kommer» seier, statssekretær Bård Hoksrud til BT.no.
Søviknes ønskjer ikkje å kommentera saka, men kallar inn til pressekonferanse i Oseana i klokka 11.45 i dag. Tema er ikkje kjent, men det er venta at detaljane i proposisjonen blir presentert.
Midtsiden kjem tilbake med meir.
Prosjektet E39 Svegatjørn–Rådal blei etablert for å bygga ny hovudveg mellom Os og Bergen. Utbygginga startar ved Svegatjørn i Os og held fram til Rådalen i Bergen.
Prosjektet omfattar også ny fylkesveg frå kryss i Endelausmarka til Åsenveien og utbetring av eksisterande fv. 163 for ca. 40 mill.kr.
- Ny E39 mellom Os og Bergen blir 16.250 meter, 9.200 av desse skal gå i tunnel.
- Det skal byggast totalt 18.000 meter hovudveg og 1300 meter ny fylkesveg med gang- og sykkelveg.
- Kostnadsramma er 6,20 mrd kr med eit 2012-prisnivå.
- Oppstart 2015
- Planlagt opning i 2020