Dyrare til by'n
Frå i dag av innfører Bergen kommune rushtidsavgift. Kollektivsatsane aukar også.
Målet med avgifteauken i bomringen er å redusera biltrafikken i rushet, hovudsakleg for å redusera forureininga. Motorsyklar, mopedar, EL-bilar og hydrogenbilar med HY-registreringsskilt er blant dei som slepp å betala.
Kvardagsavgift
Ekstraavgifta skal berre betalast på kvardagar, ikkje helg. I morgonrushet, mellom kl 06.30 og kl.09.00 og ettermiddagsrushet mellom kl. 14.30 og 16.30 kostar det 45 kroner for lette køyretøy, medan prisen er kr 19 utanom desse tidene.
Tilsvarane gjeld for tunge køyretøy, men der er prisen det dobbelte av lette køyretøy: kr 90 i rushtida, og 38 kroner utanom.
Tidlegare var prisen kr 25 for lette køyretøy og 50 kroner for tunge heile døgnet, noko som gjer at utanom rushtida har prisen for bompassering gått ned.
Auka busspris
I dag aukar også takstane for kollektivreiser. Pressekontakt i Skyss, Ingrid Dreyer, seier at takstane er auke i tråd med normal prisvekst.
– Fylkestinget i Hordaland har vedteke ei gjennomsnittleg generell prisauke på 2,5 prosent i samband med handsaminga av fylkesbudsjettet for 2016. Auka skal dekkja den generelle prisveksten og auka kostnaden til drift av kollektivtrafikken.
– Ungdomsbillett 30 dagar, som gjeld i heile Hordaland, inkludert ferje, snøggbåt og lokaltog, aukar med ti kroner. 30-dagarsbillett som gjeld fire soner, tildømes frå Os til Bergen, aukar med 25 kroner. Enkeltbillettar for vaksne med kring 1 krone. Enkeltbillettar for born og honnør, samt nattbillettane aukar ikkje i pris.
Finansiera auka i bussavgangar
– Takstauke er ikkje populært, men samstundes trur vi folk har forståing for at kollektivtakstane må auka i takt med prisveksten og kostnadsveksten generelt i samfunnet. For fleirtallet av dei reisande er det sjølve tilbodet som tel mest, og for å kunne tilby eit best mogleg kollektivtilbud er vi avhengige av at billettinntektene bidreg til å dekka kostnadane, ikkje minst knytt til auka i talet bussavgangar, avsluttar Dreyer.