Dyr snarveg
Kjøring etter GPS-en kan bli ei dyr oppleving om du er utenlandsk vogntogsjåfør. I går måtte éin betala 4000 kroner for å komma seg ut av Hegglandsdalen.
Vogntogsjåførar, både norske og utenlandske, pliktar å halde seg orientert om kva vegar som har begrensingar i høve til akseltrykk og max-lengde på køyretøyet.
- Det held ikkje å køyra etter GPS-en. I tillegg må dei ha ei eige bok, kor det framkommer kva vegar det ligg begrensingar på, som dei må sjekke.
- Den utenlandske sjåføren, som vi fekk tips om var på veg opp Rødsliane i går ettermiddag, hadde nok ikkje gjort det, fortel Rune Fimreite ved Os lensmannskontor.
4000 kroner i forelegg
Patrulja rykka ut og traff sjåføren og vogntoget i Hegglandsdalen.
- Han blei stoppa og ilagt eit forelegg før han fekk lov til å køyra vidare.
- Kor stort er forelegga når ein bryt desse reglane?
- Det varierer noko, mellomanna om det er første gong føraren blir stoppa og kva land sjåføren kjem frå.
- Det skal svi, og for ein sjåfør frå lavkostland i aust-europa vil eg tru at 4000 kroner, som han her fikk, merkast, avslutter Fimreite.