Dyr MC-slurv
Ein 17 åring fekk både gebyr og forenkla forelegg for feil og manglar på lett-motorsykkelen sin. Hadde tidlegare fått åtvaring.
Det blei ein dyr tur og forhåpentlegvis ein lærepenge for den 17 år gamle guten som køyrde motorsykkelen sin i Os sentrum i 10-tida torsdag formiddag.
– Han blei stoppa av patruljen med skiltet bak på sykkelen bretta opp. Dette har han blitt stoppa for tidlegare også, men då har han slept unna med ei åtvaring, fortel politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.
Denne gangen slapp han ikkje så billig unna.
– Sidan han hadde fått åtvaring før, som han ikkje har retta seg etter, blei det gebyr på han denne gangen.
– I tillegg blei det skrevet ut eit forenkla forelegg til han fordi han ikkje hadde med seg førarkortet og for at dekka på sykkelen var heilt nedslitte. Han fekk òg mangellapp som gjer at han må vise den fram etter at han har fiksa mangla på motorsykkelen, avsluttar Hadler-Olsen.