– Du må ta ansvar sjølv
Klarer du deg med løn annankvar månad når du blir pensjonist? Det er om lag det du får frå det offentlege.
Pensjon er ei komplisert greie. Kva får du frå folketrygda, kva får du i tenestepensjon og kva slags avtale har du med arbeidsgjevaren din.
– Om du ikkje gjer noko sjølv og ikkje har fått til ei ekstra avtale med arbeidsgjevaren din, så får nok ikkje meir frå den offentlege enn omtrent halvparten av det du har i løn i dag den dagen du går av med pensjon, fortel Kristian Størksen og Hanne Sørstrønen hos DNB Os.
– Du må spara 10.000 i månaden
Midtsiden sin journalist er i byrjinga av 40-åra og har, som mange andre, ikkje tenkt nemneverdig på pensjonen sin.
– No skal vi sjå, med den inntekta og dei åra du har jobba så kjem du til å få ut omlag 242 000 i året frå folketrygden og tenestepensjonen.
– Kor mykje var det du såg for deg, undrar Størksen.
Eg må innrømma at eg hadde tenkt meg at eg skulle få omtrent like mykje pengar då, som eg får no. I tillegg kunne eg tenka meg å gå av når eg blei 62.
– Då må du berre byrja å spara.
– Skal du gå av når du blir 62 og ha like mykje utbetalt som nå, bør du spara 10 000 kroner kvar månad.
2 x årsløn
Aoutch. Eg visste eg burde ha tenkt på pensjonen tidlegare, men at eg låg så langt etter såg eg ikkje koma.
– Både du, og vi alle, må nok tenkja oss om ein ekstra gong om vi har råd til å gå av når vi blir 62. Du veit den årlege utbetalinga blir vesentleg lågare om den skal fordelast på enno fleire år.
– Ein anna ting som er verdt å tenka på er om du klarer deg med 80 prosent av den løna du har i dag når du blir pensjonist. Det er jo ein del faktorar som endrar seg når du går av, som at du ikkje lenger har reiseutgifter til jobb, endra skatt og liknande.
– Vi plar å seia at du bør ha spart opp tilsvarande to gongar brutto årsløn i ei privat pensjonssparing for å sikra alderdomen, fortel Sørstrønen.
– Det å spara 8-900 000, som er om lag normal årsløn over to år, klarer dei fleste i løpet av 25 år. Men du bør starta no, trøystar Størksen.
Start når du er ung
Dei to fortel at mange unge er flinke til å spara til bustad gjennom BSU-ordninga, men ikkje like flinke til å halda fram med sparing til pensjon etter at dei kjøper sin første heim.
– Det er klart at situasjonen endrar seg etterkvart som ein etablerer seg og stiftar familie, men ein bør setja av litt kvar månad, heilt frå ein byrjar i den første jobben.
– Det treng ikkje vera mykje. Startar ein å spara 300 kroner i månaden frå ein er 23 år, så kjem ein langt på veg.
– I Sverige er det faktisk slik at unge går i banken når dei får sin første jobb for å avtala eit fast trekk av løna inn på ei pensjonsparing. Det er teikn i tida som tydar på at vi bør koma dit også her i landet, fortel Størksen.
“Gøym” dei vekk
Eit anna tips dei to rådgjevarane har er å “gøyma” pengane vekk.
– Om du opprettar ein høgrentekonto er du på rett veg. Problemet med den er at det er så lett å forsyna seg av den om bilen ryk eller du får andre uforutsette utgifter.
– Du bør i allefall ha ein konto som heiter pensjonssparing, slik at du blir minna på at om du forsyner deg av den, så tek du av pensjonen din og må “byrja litt på nytt”.
– Det beste du kan gjera er å gå til banken din og ta ein prat og få hjelp til å setta opp ei spareordning kor pengane ikkje er like lett tilgjengelege. Dei er framleis dine og du kan nytta dei når du vil, men skal du ha ei pensjonisttilvære med god råd er det det vi anbefalar, fortel dei to.
Spesielt viktig er det om du jobbar deltid eller er sjølvstendig næringsdrivande ifølgje dei to.
Dette får du i pensjon:
Nedanfor finn du nokre eksempel på kva du kan rekna med å få utebetalt årleg frå folketrygden og i tenestepensjon om du går av som pensjonist når du er 67 år.
I alle eksempla starta du å jobba som 23 åring, brutto årsløn er 450 000,- med 2 prosent offentleg tenestepensjon. Vi har ikkje tatt med fripoliser eller om du har rett på AFP. Tala er før skatt.
25-åringen:
Frå folketrygda: 194 000,-
I tenestepensjon: 35 000,-
SUM: 229 000,-
30/35/40-åringen:
Frå folketrygda: 199 000,-/205 000,-/210 000,-
I tenestepensjon: 35 000,-/30 000,-/234 000,-
SUM: 234 000,-/234 000,-/235 000,-
50-åringen:
Frå folketrygda: 224 000,-
I tenestepensjon: 16 000,-
SUM: 240 000,-