Du kan få bestemma kva som skal skje på scenen
På laurdag kjem Riksteatret til Oseana med stykket «Verdens nest kuleste forestilling».
– «Verdens nest kuleste forestilling» er fredagskveld OG lørdagskveld OG bursdag på éin gong. Så gøy at man aldri treng å gå på teater igjen, seier Mats Eldøen, kunstnerisk ansvarlig ved Det Andre Teatret og skodespelar i forestillinga som på laurdag kjem til Oseana.
Laurdag denne veka kjem Riksteatret altså tilbake til Oseana. Denne gongen med «Verdens nest kuleste forestilling», eit «impro-show» for heile familien.
Denne gongen kan små og store får vera med på å bestemma kva som skal skje på scenen.
Alt kan skje
– Når ungane får bestemma, kan alt skje, seier teatersjef Arne Nøst.
– Vi inviterer heile familien på teater. Saman med skodespelarane i «Verdens nest kuleste forestilling» kan alle i salen få vera med på å bestemma kva som skal skje på scenen.
På scenen står blant anna Helén Vikstvedt og Mats Eldøen, som mange kjenner fra humorprogram på NRK og NRK Super.
Begge jobbar ved Det Andre Teatret, som har markert seg som eit av de mest lekne og innovative teatra vi har i landet - med nokre av dei vittigaste aktørane på scenen.
Regissør for forestillinga er Tony Totino, som allereie på 1970-talet var med på å starta fenomenet teatersport /improteater i Canada.
Catrine Frost Andersen, Ellen Bendu, Mats Eldøen, Helén Vikstvedt, Mats Holm, Deniz Kaya, Veslemøy Mørkrid, Mari O Thingelstad og Olli Wermskog utgjer dei medverkande på scenen.