– Du er unik!
Det mangla ikkje på go'ord då Gregory Smith fekk tildelt kongen sin fortenestemedalje torsdag. – Verda treng menneskje som deg, helsa Elna-Kathrine Grieg.
Gregory Smith blei under ein sermoni i Greigsamlinga heidra for sitt arbeid med gatebarna i Brasil då han blei slått til ridder av første klasse under den Kongelege Norske Fortenesteorden torsdag.
– Eg bær denne prisen for alle dei usynlege barna i verda og vil dela den med dei, takka ein rørt og glad Gregory Smith.
Roser frå skulebarna
Sermonien starta med ei musikalsk helsing frå elevar ved Os Barneskule, ei Kolibriskule som heilt sidan starten har arrangert eigne Gregory Smith-kveldar kor inntektene uavkorta har gått til Gregory Smith sin organisasjon Kolibri - Children At Risk Foundation (CARF).
Etter songen vanka det både roser og klemmer på den sosiale gründeren før Doddo (Hans Eduardo Andersen) og Gabriela Lie Garrubo tok sermonien musikalsk vidare med brasilianske rytmer.
Ringar i vatnet
Etter barna sin opptreden vanka det verbale roser på rekkje og rad til Gregory Smith.
Gunnar Staalesen, som var ein av forslagsstillarane til prisen, fortalde om sitt møte med Gregory på den Nasjonale Scene for 41 år sidan og korleis han saman med Erling Gjeldsvik og Egil Rafto blei invitert til den gamle skulestua på Haugland.
– Der fortalde du om planane din. Om at du ville selgje det utruleg vakre huset og ta pengane med deg til Brasil for å gje dei vidare til barna i slummen.
– Vi blei beden om å bidra på pr/infosida, noko vi gjorde i større og mindre grad. Eg var vel av dei som bidro i mindre grad, men du skal vite at eg har vore ein av dei anonyme bidragsytarane frå dag ein.
– Du har satt spor i mange generasjoner og det arbeidet du gjer i Brasil skaper ringer i vatnet.
– Eg er glad over å få vera ein av dei som foreslo deg til utmerkinga, helsa Staalesen.
Gir resultater
Assisterande fylkesmann, Rune Fjeld, fekk gleden av, på vegne av Hans Majestet Kong Harald, å foreta den offisielle overrekkinga.
– Du er eit lysande eksempel på at ein mann sin idé, visjon og handlekraft gir resultater.
– Hans Majestet Kongen tildeler deg ordenen som lønn for framifrå fortenester for fedrelandet og menneskeslekta i utlandet, helsa Fjeld før han festa ordenen på brystet til Gregory Smith.
Også Brasil sin ambassadør til Noreg, Flavio Helmold Marcieira, ordførar Terje Søviknes, dagleg leiar i Grieg Foundations Elna-Kathrine Gireg og ein representant for Skagenfondene hadde med helsingar til Smith.
Rørande takketale
Ein tydeleg rørt, glad og ærefull Gregory Smith takka for tildelinga ved å gje dei frammøte eit møte med nokre av barna han sjølv har møtt i slummen i Sao Paulo.
Smith lot oss få innblikk i at det ikkje alltid gjekk bra, då han fortalde historiane om Diego, Wenda, Roney og broren som alle fekk hjelp av Kolibri Carf, men som på brutalt vis blei innhenta av fortida og likvidert.
– Det verste som kan skje er likegyldigheit. Sjølv med slike hendingar kan vi ikkje la oss truga eller skremme til ikkje å hjelpe.
– Det er ikkje berre eg som skal ha æra av denne prisen.
– Den er ein takk til alle som har bidrege, 10 000-vis av menneskje er berørt av Kolibriens nektar.
– Eg er glad for at arbeidet har blitt lagt merke til og annerkjent, men det finnst alltid eit barn som treng hjelp, avslutta Gregory Smith.