Drilla samhandling
Fleire forbipasserande sperra augo litt ekstra opp då Sivilforsvaret for fyrste gong i historia hadde øving midt i Os sentrum.
- Kva er det som skjer? kjem det frå fleire av dei som går forbi øvingsområdet.
Skuldra deira senkjer seg litt når dei får veta at det berre er ei øving.
Rådhuset evakuert
I forkant av Sivilforsvaret si øving i Os sentrum heldt brannvesenet ei uanmeldt evakueringsøving for Rådhuset.
- Det er såpass sjeldan vi har evakueringsøving at vi nytta sjansen no når Sivilforsvaret skulle ha si øving, fortel brannsjef Stein Gjøsund.
Rådhuset blei evakuert på 2,5 minuttar.
- Evakueringa var effektiv og dei hadde 1-2 etasjevaktar i kvar etasje noko som er akseptabelt på bygg av denne storleiken.
Ikkje lenge etter evakueringa var overstått så kom Sivilforsvaret og gjorde klar til si øving.
"Øvelse Ulven 2013"
- Vi har ei samvirkeøving på ein forurensa skadestad, fortel Operasjonsleiar i Sivilforsvaret Eivind Hovden.
Øvinga er i regi av Sivilforsvaret og har fokus på kommandokontroll og å gje mannskapet grundig innføring i kva dei skal gjera om noko skulle skje.
Totalt er 360 personar frå Sivilforsvaret kalla inn til ei av fire øvingar Sivilforsvaret har denne og neste veke.
- Sjansen for at akkurat dette scenarioet skal henda er liten, men det er viktig å vera forberedt, og det mannskapet lærer her kan dei også bruka i andre innsatsar, seier Hovden.
Det som har "hendt" er at ein romsonde har styrta og fører til radioaktiv spreiing på Os. Sju tilsette ved Os kommune stilte som markørar som var blitt utsatt for radioaktiv stråling.
- Vi ønsker å gjere øvinga så realistisk som mogleg og vi samarbeidar med brann- og helsevesen, politiet, kommunen og Statens Strålevern.
Lærerikt
Eva Skeie Hjelle og Gunnvor Sverkmo Heggland var to av markørane frå kommunen som måtte gjennom både dusjing og oppklipping av klær.
- Det har vore veldig lærerikt og interessant, fortel Heggland.
- Og så har vi fått meir forståing for kva Sivilforsvaret driv på med, dei gjer ein kjempejobb, seier Hjelle.
- Folk må melde seg til Sivilforsvaret for å vera markørar, det kan vi anbefale.
Fyrste gong i sentrum
Sivilforsvaret er Staten sin forsterkningsressurs og deira primæroppgåve er å bistå nødetatane når dei treng det. Mannskapet må kunne utføra brann-, politi- og helseoppgåver.
Oppgåvene deira er mange, blant anna gjer dei bistand innan skogbrann, flom, helsetransport, søk etter menneske og ordensregulering.
- Vi har øvingar kvart år på Ulven, men dette er fyrste gong vi har lagt øvinga til Os sentrum, fortel Hovden.
- Øvinga gjekk veldig bra, vi etablerte oss kjapt og klarte å halda oss innanfor tidsskjema.
Dei to siste øvingane blir tirsdag og torsdag neste veke. Om du vil vera markør på ei av desse øvingane så ønskjer Sivilforsvaret at du tek kontakt med dei.