Draumestipend til Mariann
VIDEO: Det veks godt i kulturbygda Os. Onsdag blei klarinettist Mariann Herheim tildelt Drømmestipendet 2012.
Mariann Herheim (19) er den tredje osingen som mottek Norsk Tipping og Norsk Kulturskuleråd sitt drømmestipend på kort tid. I 2009 fekk Ingrid Søfteland Neset det. I fjor blei det tildelt Marius Engesæth.
- Eg synest det var veldig kjekt. No skal eg kjøpe ny klarinett, fortalde den unge stipendvinnaren under tildelinga og konsert i Greigsamlinga på Oseana.
Sjå tildelinga, intervju og klipp frå konserten i videoen nedanfor.
Starta i skulemusikken
Mariann Herheim går i dag på Tonheim Folkehøgskule kor ho spelar klassisk klarinett. Karriera starta ho som elev ved Os kunst- og kulturskule allereie som seksåring før vegen gjekk vidare til skulekorpsa på Nore Neset og Os og Kuventræ.
- Musikkskulen er veldig viktig. Den er med på å frambringe nye musikara og vi treng nye musikarar.
- For meg har musikken veldig stor betydning og eg har veldig lyst til at den skal bety like mykje for andre òg, fortalde Herheim om tida si i musikkskulen.
Fleire unge talent
For å gjera ære på stipendvinnaren og den tidlegare eleven arrangerte Os kulturskule formiddagskonsert med fleire av dei unge talenta ved musikkskulen.
- Saman med Mariann har vi fått med oss tre enno yngre talent, som kanskje ein dag står som mottakar av draumestipendet, fortalde kulturskulerektor Christian Breistein.
Med på konserten hadde dei åtte år gamle Vibeke Nortveit på kornett, Amalie Sørtveit Lekven (12) på song og Jone Fine Kuven (15) på tuba.
- Eigentleg skulle vi hatt med ei på fløyte, men grunna eksamen måtte ho melde avbod.
- Difor var det både kjekt og sporty av Vibeke å stille opp på berre to dagars varsel, fortalde Breistein om det unge kornett-talentet.
Draumer om å leva av det
Stipendvinnar Mariann Herheim fortel i søkanden sin at ho ein dag håpar å leva av musikken.
- Eit av mine største ønskje er å utvekla meg til eit nivå som gjer at eg kan reisa rundt i verda og spele forskjellege stader og at eg får moglegheiten til fast jobb i eit orkester.
Men først skal ho til Paris i haust for å kjøpa seg ny klarinett. Stipendsummen på 10.000 kroner var soleis ein viktig bidragsytar.