Drama i hamna
Fleire båtar på drift då ei vindrøys tok innover Os laurdag ettermiddag.
Klokka 15.54 laurdag ettermiddag fekk politiet og brannvesenet melding om problemer i Os hamn.
– Os. Det meldes om kaos med småbåter i Os havn på grunn av mye vind. Brannvesen og politi kjører for å assistere, meldte 110-sentralen.
I lesar-videoen ovanfor kan du sjå noko av dramatikken.
– Det var kaos og ein god del berusa folk uten vester som freista å berga båtane. Ein av dei skal mellomanna ha fått tau i propellen, fortel eit vitne til Midtsiden.
Ein av båtane som tok laus skal ha vore nær på å gå på land mot Irisfabrikken.
Heldigvis løyste det heile seg greitt.
Klokka 16.17 meldte 110-sentralen at situasjonen igjen var under kontroll.