Lokal | 28. juli 2011

Dømt for drapsforsøk

Ein mann i 40-åra er dømt til 9 år forvaring for drapsforsøk på ei kvinne i eit husvære i Os.

Dømt for drapsforsøk
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 28. juli 2011 10:54

Mannen var tiltalt for brot på straffeloven § 233 jf § 49, «for å ha forsøkt å forvolde en annens død». Han var også tiltalt for grov og gjentatt mishandling og for å kjøra bil i tablettrus.

Natt til laurdag 21. august i fjor rykte politiet i Os ut på melding om drapsforsøk. I husværet budde eit par som hadde vore saman i rundt eit år. Kvinna var kjent med at mannen tidlegare er dømt for drap og at han slit med psykiske plager.

I løpet av dette året, frå hausten 2009 til august 2010, skal tiltalte blant anna;

• Slått/sparka/tatt kvelartak så sambuaren fekk blåmerker og blått auge
• Halde ein jaktkniv mot sambuaren og sagt at han ville spretta ho opp
• Halde eit gevær mot hovudet hennar og sagt at ho ikkje trengte å vera redd, for det vil gå fort
• Tvunge sambuaren til å svelga knuste tablettar

Så kom kvelden då ho nesten døydde. Paret skulle ha besøk dagen etter og kvinna la seg tidleg. Då ho ikkje fekk sova sto ho opp igjen, og då hadde tiltalte drukke ein del av brennevinet dei hadde kjøpt inn til gjestane. Han skal ha hevda at kvinna hadde vore utro med ein av gjestane, sjølv om desse ikkje hadde kome (dei to var åleine i husværet heile kvelden). Kvinna blei slått og flukta då inn i senga. Mannen følgte etter og tok kvelartak på ho.

«Hun laget ikke en lyd og tenkte at hun bare måtte ligge helt i ro for å unngå at han strammet grepet. (...) Etter det hele var over sovnet han momentant. Dødsangsten hennes inntrådte senere, og hun ringte politiet etter midnatt.»

Erklærte seg ikkje skuldig

Tiltalte, som for tida har opphald på eit sjukehus, møtte i retten i erkjente straffskyld for bilkjøringa, men ikkje for dei to andre postane. Forsvarar la ned påstand om at tiltalte blei frifunnen og at han blei overført til psykisk helsevern.

Tiltalte forklarte at han hadde tatt to sovetablettar tidlegare på dagen og hugsar lite, men at det truleg stemmer det sambuaren har fortalt.

Fornærma er framleis saman med tiltalte og besøker han to gongar i veka medan han er til behandling. Ho brukte retten til ikkje å forklara seg utover at ho stadfesta dei faktiske hendingane.

Med forsett?

«For at tiltalte skal kunne dømmes for overtredelse av straffeloven § 233 jf. § 49 må retten finne det bevist at han på gjerningstidspunktet handlet med forsett også i forhold til dødsfølgen.»

Retten meinte at tiltalte, ved å halda kvelartak til kvinna var livlaus, og gjorde på seg, er bevis på at han handla ved forsett. Han heldt kvelartaket til han fekk signal på at ho var drept.

At dette er gjort i sjølvpåført rus gjer at retten ser vekk frå at han var rusa.

Tilrekneleg?

Ved vurdering av om tiltalte var tilrekneleg blei det følgt det generelle prinsippet om at det er gjerningsøyeblikket som tel.

Ein av fagpersonane som vitna forklarte at tiltalte i mange år har rusa seg på amfetamin. Han forklarte at med for mykje inntak av amfetamin vil dei fleste bli psykotisk.

Det er avgjerande for om tiltalte kan dømmast om han var bevisslaus eller psykotisk i gjerningsøyeblikket, «men dersom psykosen skyldes selvforskyldt rus skal tiltalte likevel dømmes, jf. straffeloven § 45.».

Retten viste til fleire tilfelle der tiltalte hadde vore valdeleg mot tidlegare sambuarar etter å ha rusa seg på alkohol. «Dette er kjent fenomen hos en del personer i alkoholrus og kalles sjalusi/alkoholisk paranoia. I motsetning til schizofrene psykoser går disse symptomene over sammen med alkoholrusen».

Straff og tidlegare dommar

Retten konkluderte med at tiltalte var tilrekneleg og fann tiltalte skuldig på alle punkt. Tlltalte blei dømt til 9 år forvaring med minstetid på 6 år. Varetekt på 182 dagar kjem til frådrag.

Han er også frådømt retten til å kjøra motovogn for alltid.

Tiltalte blei dømt for drap i 1995 etter at han kvelte og stakk ein mann med kniv. Han er også tidlegare dømt for blant anna vald mot politiet, drapstrugslar mot tidlegare sambuar og blei i 2003 dømt til tvungen psykiatrisk behandling etter å ha mishandla ein mann med øks og brekkjern.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.