Dømmer VM-finale
Osdommar Charles Whiteley og makker Andreas Borge dømmer fredag finalen mellom Tyrkia og Frankrike i verdsmeisterskapen for skulelag.
Charles Whiteley som dømmer for Os Turn og makker Andreas Borge som dømmer for Lørenskog HK skal i kveld på parketten i Kind Arena i Rouen i Frankrike for å leie oppgjeret mellom Tyrkia og Frankrike i verdsmeisterskapet for skulelag.
– Dette er faktisk noko av det villaste eg har opplevd. Vi skal dømme gutefinalen i skule-VM, skreiv Charles Whiteley på si eige facebookside torsdag kveld.
Då hadde det hardtarbeidande dommerparet nettopp fått vita at dei hadde blitt plukka ut til å leie den prestisjefylte finalen.
Tidlegare i meisteskapen har dei dømt ein jentekamp mellom Ungarn og Nederland og tre guttekampar, Tyrkia-Kypros, Tyskland-Austerrike og Sverige-Polen.
Europeisk satsingpar
Osdommaren og makkeren er i Frankrike fordi dei er del av det europeiske handballforbundet si satsing på unge talentfulle dommarar (EHF YRP).
– I tillegg til dømming har vi vore gjennom både fysiske testar og reglerprøver i løpet av meisterskapet.
I Noreg har dommarparet dømt fleire kamper i 1. divisjon og Grundigligaen både for herre og damer denne sesongen etter at dei fekk debuten i eliteserien for menn i romjula 2014.
Avla ed
Det er knytt myke prestisje til meisterskapet blir arrangert av ISF (International School Sport Federation). Den internasjonale handballpresidenten Hassan Moustafa og den europeiske handballpresidenten Jean Brihault har begge vitja meisterskapen.
Birhault helsa deltakerane under opningssermonien, noko også osdommaren fekk æra av å gjera.
Han blei nemleg utfordra til å avlegge eden om rettferd og fairplay på vegne av dommarane og delegatane foran omlag 1000 tilskodarar på opningssermonien.
Finalen mellom Tyrkia og Frankrike går fredag ettermiddag klokka 16.30