Dobbeltdrama i Oshallen
Det blei to dramatiske og tette kamper då både dame- og herrelaget til Os Turn tok imot Stord laurdag. Båe enda med heimesigrar 24-22 og 23-22.
Kven er best rundt Bjørnefjorden var spørsmålet før Os tok imot Stord i damene og herrane sine 2. divisjon i handball.
Først ut var damene mot serieleiarane frå øya sør for fjorden.
Det blei ein første omgang med få mål. Etter 22 minutt sto det berre 4-5 på uret i Oshallen. Til pause hadde Stord rykka litt ifrå og leia med tre mål 7-10.
Tok tak i pausen
Kva trenar Erlend Lyssand sa til jentene i pausen veit vi ikkje, men at det funka er det ikkje tvil om.
Os snudde kampen og gjekk opp i 16-14. Då tok Stord timeout og utligna til 18-18.
Resten av kampen låg Os hakket framfor, men klarte aldri å riste Stord av seg. Med eitt minutt att leia Os 23-22 og Lyssand tok timeout med 13 sekund att. Her skulle sigeren sikrast, og det blei den. Os skåra på slutten og vann 24-22.
– Det blei ein kamp som bølga båe veger.
– Det var to gode forsvar og tek lang tid før kampen opnar seg.
– Eg tykkjer vi viser enorm vinnarvilje i dag. Spesielt forsvarsfiraren vår fungerar i periodar perfekt, skryt Lyssand.
Tok vare på sjansane
Lyssand trekk fram at jentene var flinke til å ta vare på dei sjansene dei fekk i angrep.
– I dag er Maria Stangeland Lunde, Irene Tangerås og Elise Hjelle glimrande framme i angrep.
Med sigaren tok Os over tabell-leiinga i damene sin 2. divisjon.
Nytt drama
Osherrane ville ikkje vera dårlegare enn damene då dei ein halvtime seinare tok imot Stord Elite sitt andrelag.
Igjen blei det ein jamn og høgdramatisk kamp. Dei to laga følgde kvarandre tett til 19 minutt ut i kampen kor det sto 9-9 og Os tok timeout.
Diverre funka ikkje ordrane frå trenar Jesper Svensson heilt etter planen og Stord rykka ifrå til 10-13, før Osherrane igjen løfta seg og knappa innpå til 12-13 til pause.
Dobbeltredning
I andre omgangen fortsatte laga å følgje kvarandre, men no var Os meir på hugget og gjekk opp i 15-14 etter snaut fem minutt spel.
Frå der og ut blei følgde laga kvarandre og låg anten likt eller med Os eitt mål framfor.
Ein god Einar Godø i mål, som mellomanna redda to straffeskot var ein viktig bidragsytar til at Os til slutt kunne juble over 23-22 siger, og helgas to første poeng.
God var òg ein småskadd Jørgen Wold.
I morgon, sundag, møtar nemleg Os seireleiar NHHI borte i Lemkuhlhallen. Os ligg etter sigeren over Stord på 4. plass, berre to poeng bak NHHI.