Dobbelt (trippelt) opprykk til Nore Neset
Nore Neset 2 sikra opprykk til 6. divisjon i målrik bortekamp.
«Ble visst opprykk denne helgen òg» skriver Nore Neset 2 på Nore Neset A-lag sin instagramprofil.
Førstelaget sikra opprykk til 5. divisjon på bortebane for 12 dagar sidan, og fekk godt publikum då dei runda av sesongen med nok ein solid siger på heimebane tre dagar seinare.
Andrelaget trengte poeng også i siste runde for å berga 2. plass og opprykk til 6. divisjon.
Borte mot Baune 3 på 4. plass hadde dei full kontroll.
– Vi var gode i første omgang, men då vi leia 5-0 såg det nesten ut som om gutane hadde tatt ferie. Andre omgang blei dårleg, men sigeren var aldri truga, seier trenar Odd Jarle Hjelle.
Vertane reduserte til 1-5, men så gjekk Nore Neset 2 opp i 1-7 før dei sleppte inn to mål på tampen.
– Vi har brukt sikkert 40 ulike spelarar på andrelaget denne sesongen, frå gutar 15 og opp til A-laget. Det er mange flinke 15-åringar i klubben, og når vi neste år har lag både i 5. og 6. divisjon blir det gode arenaer for dei av ungdomane våre som er klare for seniorfotball ved sidan av aldersbestemt, seier Hjelle.
Baune 3 - Nore Neset 2 3-7 (5-0)
Målskårarar, Nore Neset 2:
0-1 Børge Breivik Benjaminsen
0-2 Alexander Mjånes Tøssebro
0-3 Børge Breivik Benjaminsen
0-4 sjølvmål avBaune 3
0-5 Vegard Storum Hjelle
1-6 Trygve Bjørnevik
1-7 Vegard Storum Hjelle
Troppen: Markus Sørås Bjørnevik, Magnus Spangelo Haga, Håkon Straume, Martin Døsen Borgen, Tom Gabriel Østgulen Rondestveit, Martin Røttingen Eidsvik, Alexander Mjånes Tøssebro, Joakim Aasen, Børge Breivik Benjaminsen, Erlend Sørås Storebø, Vegard Storum Hjelle, Jonas Jordalen, Christoffer Arntzen Eikaas, Sondre Førde Valle, Jarl Abrahamsen Våge, Arne Gjerde og Trygve Bjørnevik.
Nore Neset 2 måtte ha poeng, då Njardar/Tysnes pusta dei i nakken og var ganske lik på målforskjell.
– Å gå for uavgjort var aldri tema, vi ville vinna, og heldigvis gjorde gutane jobben, seier Hjelle
Tabell på fotball.no
Om vi er rause er Nore Neset på veg til fire senioropprykk i år, og tre av dei er i boks.
Førstelaget var i utgangspunktet påmeldt i 7. divisjon, men fekk ein ledig plass i 6. divisjon før dei rykte opp til 5. divisjon. Ein dobbel i seg sjølv, med andre ord.
I tillegg kjempar damelaget Os/Nore Neset om opprykk, og er vidare etter imponerande siger over Åsane 2 i går.
Kaprar dei ein av dei to plassane, i kamp mot vinnar i Sogn og Rogaland, er det det fjerde av fire moglege senioropprykk til Nore Neset i år.