Dobbelt av Jordal
Bilder: To mål av Lysekloster-kaptein Johannes Jordal gav siger 3-1 over Brodd. – Vi vinn på ein dårleg dag, meiner trenar Thomas Sandal.
Lysekloster er inne i ei hektisk tid, med bortekamp mot Haugesund 2 sist fredag, Brodd heime sundag og ny bortekamp mot Austevoll kommande torsdag.
Sundagens kamp blei ikkje ein høydare, men eit hardtkjempande Lysekloster tek med seg tre poeng etter 3-1 sigeren over Brodd.
– Det er viktig å vinna heime. Motstanderane skal frykta å komma til fjorden, sier Lysekloster-trener Thomas Sandal.
Poenga det eineste som varma
Han er ikkje nøgd med så mykje anna enn dei tre poenga sundag.
– Vi speler bra i 20 minutt i første omgang. Resten av kampen er ikkje på det nivået vi skal vera, men vi krigar inn tre mål og må vera nøgd med det, sier Sandal i eit litt surt regnvêr på Edne.
Tok føringa
Lysekloster kom best i gang mot Brodd. Etter 8 minutt kjem Martin Eidsvik rundt på kanten og speler ein markkrypar ut i feltet.
Der står Sigve Rørstad og breisider ballen tilbake i det korte hjørnet.
Forsvarstabbe gav utligning
Brodd utlignar på straffe omlag halvvegs i omgangen etter at bakre mann i Lyseklosterforsvaret freister å bryte framfor Brodd-angriparen.
– Det var ei forsvarstabbe. Han skal berre ligga bak og skjerme, meinte sportsleg leiar Ørjan Sandal i pausen.
For å gjera tabba godt set forsvareren inn ei takling som dommaren belønnar med å peike på straffemerket. Kim Ovesen set ballen kontant bak Kjetil Hansen i Lysekloster-målet.
2 x Johannes Jordal
Brodd kjem best i gang i andre omgangen, men Lysekloster er effektive på overgangane.
2-1 kjem etter eit gjennomspel kor Lars Henrik Skage fossar igjennom. Han legg ballen 45 grader ut i feltet, kor Johannes Jordal plasserer ballen i det opne Brodd-målet.
På 3-1 er Johannes Jordal igjen frampå. Joakim Hovden kjem rundt på høgrekanten og legg inn foran mål. Jordal breisider ballen mot bål, Brodd-keeperen redder, men Jordal set returen trygt i mål på eigenhand.
Var ikkje på i Haugesund
Fredag tapte Lysekloster 2-3 for Haugesund på bortebane.
– Vi er ikkje på korkje i oppvarminga eller første omgangen. Det held ikkje, meiner Ørjan Sandal.
– Andre omgangen er bra, men vi møtte eit svært godt Haugesund-lag som stilte med heile 9 A-spelarar frå start.
Målskårarar i Haugesund var Kim Klevedal og Lars Henrik Skage.
3. divisjon avdeling 7 har utvikla seg til å bli ein serie kor alle slår alle. I morgon får Os sjansen, då dei tek imot Lysekloster sin førre motstander, Haugesund, på Kuventræ.