DNT ung er i gang
Lesarbidrag: Den Norske Turistforening (DNT) ung Os hadde i helga sitt første eigne arrangement.
DNT ung Os er ei nystarta ungdomsgruppe av Os Turlag som satsar på ungdom mellom 13 og 26 år med turaktivitet i Os.
Som DNT ung Os-medlem er ein medlem i den norske turisforeininga, og har også moglegheit til å vera med andre turlag sine spennande turar.
Fleire av våre medlemmar har blant anna vore på tur med DNT ung Bergen.
Den første turen vart lagt til solfylte Brimsholmen i Søre Øyane. Her skulle deltakarane gjennomføre introkurs i bruk av kajakk, og få utdelt vått-kort etter endt kurs.
Vi lånte kajakkutstyr frå Brunnpris i Øyane.
Osingen Tore Njøten var vår dyktige instruktør denne flotte dagen.
Kurset starta med nokre enkle øvelser på land, før ein gjekk ned til den klare sjøen med tempratur på 6-7 grader.
Våttdrakt var godt å ha på seg denne dagen! Sjøtempraturen var ikkje meir enn 6-7 gradar. Det var føling med sjøen også.
Kursdeltakarane var svært usikre i starten på den nye, ustabile båten. Men etter å ha utført nokre enkle øvingar - med faremoment å kjenna sjøens kulde - vart deltakarane tøffare og tøffare. Den kalde sjøen var heller ingen hindring lenger.
Årets første bad med våtdrakt kunne utførast, av fri vilje. Det var å tellja til tre, kvelva seg rundt med kajakken og ned i den kalde sjøen.
Det viste seg at den skumle, ustabile kajakken som ein starta med, ikkje var farleg likevel. Men eit kjekt og flott fartøy.
No er DNT ung Os endeleg klar til å innta Os kommune sin flotte skjergard. Vi vil etter kvart også ta i bruk beina våre og vandra både nattestid og dagtid i Os, i skog og på fjell. Det vert også få moglegheiter for å bruka kroppen sin med klatring for dei tøffaste.
Velkommem til tur med DNT ung Os!
Alf Holdhus