Lokal | 05. jan. 2020

DN: Veidekke stemnar Staten for retten

E39 Svegatjørn-Rådal: – Ulovleg kort frist, meiner entreprenøren, som sjølv risikerer dagbøter for opptil 230 millionar kroner.

DN: Veidekke stemnar Staten for retten
Lyshorntunnelen sett frå Endelausmarka i februar 2019. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysundag 05. jan. 2020 10:30

Måndag 13. mai i fjor var siste salve i 9,2 km lange Lyshorntunnelen. Den lengste av dei to tunellane på E39 Svegatjørn-Rådal-prosjektet skal etter planen stå ferdig 1. september 2020, men Veidekke er bak skjema.

No har Veidekke, som i 2015 vann det som den gong var Noregs største vegkontrakt (2,3 milliardar), stemna Staten ved Samferdsledepartementet for retten, ifølgje Dagens Næringsliv.

– Dette er ein prinsipiell viktig sak om at korte byggetider er ulovleg i forhold til hms-krav og arbeidsmiljølova, seier advokat Nils-Henrik Pettersson i Glittertind, som representerer Veidekke i saka, til DN.no.

– Hadde ingen kommentar til sluttdato i anbodsprosessen

Statens vegvesen trugar Veidekke med bøter opptil 230 millionar kroner viss ikkje Veidekke held framdriftsplanen.

– Vi er ueinige i påstandane om at vi bryter byggherreforskriftene, seier Kjartan Hove, prosjektdirektør i vest i Statens vegvesen, til Dagens Næringsliv.

• Bildeserie: Dronefoto av vegprosjektet tatt i juli 2019

Han legg til at Veidekke aksepterte byggetida i anbodet då dei gav tilbodet sitt, og at dei ikkje hadde kommentar til sluttdatoen.

Når entreprenøren er forseinka får det konsekvensar for andre fag, som el-entreprenør, som skal inn med lys, overvaking og skilt.

Partane møtast i Bergen tingrett tysdag 4. februar.

• Midtsiden samleside: E39 Svegatjørn-Rådal

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.