DN: Søviknes går ut av regjering
Frp-politikarane Ketil Solvik-Olsen og Terje Søviknes skal vera på veg ut av regjeringa.
Ketil Solvik-Olsen (Frp) trekk seg som samferdselsminister, melder VG.
Dei viser til Dagbladet, som skriv at Jon Georg Dale overtar. Landbruksminister Dale skal bli erstatta av Bård Hoksrud (Frp).
Solvik-Olsen med familie skal flytta til USA.
– Det er meir overraskande at olje- og energiminister Terje Søviknes, ifølge våre kjelder, går av som statsråd, skriv Dagens Næringsliv.
Etter det DN får opplyst er avgangen knytt til at Søviknes ønskjer å gå tilbake til lokalpolitikken i Os.
VG har no fått stadfesta at Kjell-Børge Freiberg blir ny olje- og energiminister.
Fekk over 2000 personstemmer i 2015
Søviknes har sete i Frp sitt sentralstyre sidan 2014.
Søndag 18. desember 2016 blei det kjent at Terje Søviknes var på veg inn i regjering som olje- og energiminister.
• Les òg: Her blir Terje statsråd
Os Frp gjekk fram 1,8 prosentpoeng til 39,5 % ved valet i 2015. Søviknes var med 2.032 den som fekk klart flest personstemmer (Helge Steinum (Ap) på 2. plass med 354), og blei sitjande i ordførarstolen, der han har sete frå 1999 til han blei statsråd.
Sidan Søviknes blei statsråd har Marie Lunde Bruarøy (H) vore ordførar i Os.