Dmytro slo 14 av 15
Det blei tett toppoppgjer då Os Sjakk viste seg på Amfisenteret.
Dmytro Ostanin, ein av dei tre initiativtakarane til etableringa av Os Sjakk Ung, som blei starta våren 2017, spelte i går simultansjakk på Amfisenteret.
Sjakklubben hadde invitert inntil 15 deltakarar, og fekk torsdag ettermiddag fylt opp også dei fire siste ledige borda.
– Simultansjakk er god øving, det er pedagogisk gunstig å spela mot fleire på same tid av og til, seier Dmytro.
Det er første gong han speler simultansjakk i Noreg. Dmytro flytta frå Ukraina til Noreg i 2005, bur i Os og jobbar som prest på Nesttun.
– Kva er hovudforskjellen på å spela mot mange og å spela mot éin?
– Det går mest på dette med konsentrasjon. Å gå frå bord til bord er ikkje det same som å sitja i ro og konsentrera seg om eitt spel.
I simultansjakk så skal dei som sit i ro ta sitt mottrekk når hovudspelaren kjem til bordet. Han skal så svara med det same og gå vidare. Sjølv om det ikkje blei brukt klokke i går, fekk dei 15 deltakarane betre tid på seg mellom kvart trekk enn kva Dmytro hadde.
Blei slått i siste parti
Litt over klokka 18 blei spelet sett i gang, og Dmytro gjekk frå bord til bord, handhelste og tok første trekk, bonden framfor kongen to steg fram på alle dei 15 bretta.
Det var ingen jenter eller kvinner ved borda, men god variasjon i alder og bakgrunn. Fleire har aldri konkurrert før, anna enn på nett.
Første siger var i boks etter fire trekk, så tok det 8-10 trekk før yngstemann og eldstemann, på 10 og 60 år, blei slått ut i same runde.
Dei tre siste som sat igjen var Øystein Lid og dei som som saman med Dmytro stifta klubben, Daniel Skotheim og Kay Even Hægland.
Av dei 15 som spelte mot Dmytro blei det 3. plass på Øystein og 2. plass på Daniel.
– At det var oss tre som stifta Os Sjakk Ung som sat igjen til slutt var jo litt greit å oppleva, sidan vi skal læra opp dei unge, seier Daniel.
Litt meir overraska blei han over at Kay Even ikkje berre blei sitjande igjen til slutt, men at han slo Dmytro.
– Dmytro hadde jo ei meir krevjande oppgåve, då han spelte mot fleire på same tid. Men dette er likevel sterkt av Kay Even!
Hægland fortel at han har spelt mot Dmytro 5-6 gongar før, men tapt alle.
– Her var det jamt ei stund, men så gjorde han ein liten feil rundt trekk 8-9, og då fekk eg overtaket. Eg klarte heldigvis å halda dette overtaket slaget ut, seier Kay Even.
Rørt over responsen
I nesten 90 minutt sto sjakklubben for underhaldninga i fellesarealet mellom Spar og Ark i førsteetasjen på senteret.
– Publikum kom og gjekk, Ark selte halvparten av sjakkeskene dei sette fram og vi hadde ei veldig kjekk stund på senteret. Vi vil takka AMFI Os for at vi fekk koma, og for at dei sponsa oss med premien, gåvekortet på 1000 kroner.
Det sto 20-25 publikummarar rundt bordet då Dmytro og Kay Even avgjorde siste parti.
– Dmytro kunne uansett ikkje vunne premien, den gjekk til den av oss 15 utfordrarar som sat lengst. At Hægland stakk av med sigeren var berre kjekt, og eg trur Dmytro var rørt over at sjakk, som han er så glad i, fekk denne forma for interesse.
Ny klubb med høgt aktivitetsnivå
Os Sjakk Ung er for spelarar frå 6 til 17 år.
– Det er vanleg å skilja born og vaksne. Vi har ikkje eigen avdeling eller klubb for vaksne, men vil prøva å laga nokre uformelle samlingspunkt også for vaksne som vil spela med ekte brikker, ikkje berre på nett.
Blant dei unge er det høg aktivitet.
– Vi har samling kvar onsdag og vi er som oftast 16-17 spelarar, og aldri under 10, samla på Os barneskule, fortel Skotheim.