Djupe blonder og mjuke relieff
Frå Nasjonalmuseet til Hvelvet i Oseana. Ingrid Aarset opnar laurdag separatutstilling med heilt spesiell tekstildesign.
Ingrid Aarseth arbeidde tidleg med såkalla dataassistert design, og bruken av digitale verkty og ei sterk vektlegging av handverksmessige kvalitetar har følgt henne sidan.
Ho er utdanna tekstilkunstnar frå Bergen Kunsthandverksskule, med fordjuping i Constructed textiles frå London. I studietida utvikla ho eit eige uttrykk, der strikka kvalitetar kombinert med silketrykk, handmaling og utbrenning nærast vart varemerket hennar.
- Frå å arbeide med desse tekstilar i formuttrykket klesplagg har ho dei seinare åra gått mot å jobbe med romlege tekstilar. Materialet har også gått frå strikka kvalitetar til meir bruk av lin og silke som hovudmateriale, fortel arrangementssjef Berit Steen ved Oseana.
Store tekstilar i 3-D
Utstillinga som ho no skal ha i Hvelvet, består av store tekstilar som heng frå taket. Aarset viser her ein tredimensjonal tilnærming til tekstildesign ved hjelp av teknikkar som forstørrar og gjentek mønster. Hovudaspekta i arbeida hennar er mønster og repetisjon. Intrikate mønster som etterliknar blonder er skore med laser i bomullsseglduk, og kan minne om papirklippingskunst.
- Utforma som store flater heng dei i fire lag eit stykke frå veggen, noko som gjev rom for både skyggespel og ei kjensle av horisont.
- Du kan bokstaveleg tala vandre mellom kunstverka. Dette gjev ei spennande utstilling med eit uttrykk som er nytt for Hvelvet, forklarar Steen.
Kjøpt av Nasjonalmuseet
Aarset har hatt ei rekkje separatutstillingar, hatt mange utsmykkingsoppdrag og fått fleire stipend.
- Ho er nettopp kjøpt inn av Nasjonalmuseet og Vestlandske Kunstindustrimuseum.
Aarset har også undervist gjennom stort sett heile karrieren, og er i dag tilsett som høgskulelektor ved KHIB, knytt til fagområdet tekstil.