Divisjonsforskjell!
Lysekloster hadde lite å stilla opp med då Nest-Sotra gjesta Lysekloster Idrettspark laurdag. Gjestane vann 0-9.
Trenar Thomas Sandal sa før kampen at Lysekloster skulle gå ut og freiste å styra kampen då dei tok imot Nest-Sotra laurdag. Det klart dei ikkje.
Lysekloster kom greit i gang, men etter 20 minutt festa Nest-Sotra grepet. 0-1 kom etter ein corner kor ballen ramla ned i beina på Max Jacob Bjørsvik som banka den bak Chris Sunde Midtun.
Gjestane heldt fram med å pressa og etter 39 minutt dobla dei leiinga. Adnan Cirak fekk ballen med ryggen mot mål. Han vendte av Lyseklosterforsvararen og banka den utagbart bak Midtun.
Det var tydeleg på det tidspunktet at det var topp mot botn og at gjestane har spelt på eit høgre nivå. Alt gjekk litt fortare.
Blei overkøyrd
Andre omgangen blei ikkje betre for Lysekloster. Nest-Sotra køyrde rett og slett over dei og skåra fire mål i løpet av dei første 12 minutta.
Etter det roa gjestane litt ned, men var framleis det laget som hadde presset. Lysekloster klarte ikkje komma seg til dei heilt store sjansane. Størst var sjansen då Gojko Ivkovic ser at Nest-Sotra-keeperen står langt ute og freister å lobba ballen i mål frå midtbanen. Diverre litt for høgt og ballen gjekk over mål.
I staden er det Nest-Sotra som igjen kjem tilbake. Gjestane trillar ball i hatt med Lysekloster-forsvaret og går opp i 0-7 ved Damian Sanchez Olsen før Adnan Cirak skårar sitt fjerde og femte og fastsett sluttresultatet til 0-9.
– Det er det dårlegaste eg har sett. Innsatsen på enkeltspelarar er langt under pari. Slik kan vi ikkje ha det, oppsummerar Svein Kollen kort.
Lysekloster - Nest-Sotra 0-9 (0-2)
Tilskodarar: 450
Chris Sunde Midtun, Gojko Ivkovic, Ola Sjømæling, Denis Ljubovic, Aleksander Andersen (Martin Eidsvik, 69 min), Baste Jonassen, Hans-Christian Nysæther (Joshua Pritchard, 65 min), Sindre Hitland Flaa, Sigve Rørstad, Thomas Helland (Ken-Joar Føyen, 60 min), Tommy Gaustad
Gule kort: Joshua Pritchard (67 min)