Lokal | 08. feb. 2012

Ditt siste klistremerke?

Etter 19 år med oblat vil samferdselsdepartementet avvikla ordninga.

Ditt siste klistremerke?
(Ill. foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 08. feb. 2012 08:43

- Ei avvikling av oblatordninga gjev eit meir publikumsvenleg tilbod og bidrar til effektiv ressursutnytting, seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa i ei pressemelding.

Statens vegvesen har utvikla og tatt i bruk nye og mindre ressurskrevjande kontrollmetodar for å luka ut kjøretøy som ikkje har nødvendig godkjenning for å ferdast i trafikken.

Les om første gong instrumentet var i bruk i Os.

Dei nye metodane var ikkje tilgjengelege då oblatordningen blei innført i 1993.

På høyring

Samferdselsdepartementet ber no Vegdirektoratet senda forskriftsendringane på høyring.

Målet er å avvikla oblatordninga i løpet av 2012.

Viss du lurte; sjølv om oblatordninga forsvinn må du nok framleis betala årsavgifta (ei ordning som blei innført i 1917, som "Midlertidig luxusavgift på automobil").

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.