Meining | 28. jan. 2022

Distriktsskatten på havbruk må endrast

Statsbudsjettet 2022 har gitt lokale familieeige oppdrettsselskap langs heile kysten eit formidabelt skattesjokk.

Distriktsskatten på havbruk må endrast
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 28. jan. 2022 14:31

Regjeringa Solberg fremja forslag om at oppdrettskonsesjonar gitt før 1998 skulle verdsetjast til marknadspris basert på siste auksjonspris, dvs. 150-200 millionar kroner per konsesjon.

Dette er i seg sjølv eit heilt urimeleg nivå.

På toppen av dette heva AP, SP og SV både satsen for utbytteskatt og formuesskatt, samt reduserte aksjerabatten, i det endelege budsjettvedtaket i Stortinget.

Mange små og mellomstore oppdrettarar får dermed auka skatt med fleire titals millionar per år.

I vår kommune gjeld dette både Bolaks, Eide Fjordbruk og Tombre Fiskeanlegg.

I familieeigde selskap betyr skatteskjerpinga at ein må tappa selskapa for store verdiar i form av auka utbyte for at eigarane skal kunna betala formuesskatten.

Dette er midlar som elles kunne vore nytta til vidareutvikling av verksemdene, nye investeringar og teknologiutvikling.

Søviknes og Bahus på årsmøtet tysdag. (Foto: Privat)

Resultatet kan fort bli konsolidering i næringa gjennom oppkjøp, børsnoteringar, sentralisering og auka utanlandsk eigarskap.

Utanlandske eigarar betalar som ein veit ikkje formuesskatt. For mange kystkommunar vil dette vera ein katastrofe for lokal samfunnsutvikling, verdiskapning og arbeidsplassar. I desse kommunane er oppdrettselskapa ofte hjørnesteinsverksemder, som også bidreg med omfattande støtte til frivillig sektor, idrettsanlegg og liknande.

Seinast vart t.d. både Bolaks og Eide Fjordbruk inne og sponsa ny idretthall på Nore Neset. Tru om det hadde vore mogeleg om eigaren heite SalMar eller Mowi?

Dei samla konsekvensane av desse skatteskjerpelsane kan umogeleg ha vore konsekvensutgreidd. AP/SP-regjeringa skriv m.a. i Hurdals-plattforma at regjeringa vil; «Gjennomgå ordningene med tillatelser i havbruksnæringen for å sikre fortsatt mangfold og lokalt eierskap.»

Med dei siste skjerpingane i formuesskatten risikerer regjeringa at dei riv beina under lokalt eigarskap i havbruksnæringa lenge før gjennomgangen av konsesjonsordningane er på plass.

Dette kan umogeleg vera god distriktspolitikk frå finansminister og SP-leiar Trygve Slagsvold Vedum.

Bjørnafjorden FrP ber difor om at ein no dreg i naudbremsen i samband med Revidert Nasjonalbudsjett til våren.

Då kan ein få på plass ei skikkeleg konsekvensutgreiing av endringane i formuesskatten for mindre familieeigde oppdrettsselskap, før ein går vidare.

Havbruksnæringa skal sjølvsagt betala skatt som alle andre næringar.

Produksjonsavgifta, som no gjev millioninntekter til vertskommunane, er eit eksempel på dette.

Men samla skattebyrde må være rimeleg, og ingen er tent med at norsk havbruksnæring i endå større grad hamner på utanlandske hender.

Årsmøtet Bjørnafjorden FrP
v/leiar Gustav Bahus og gruppleiar Terje Søviknes

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.