Direkte: Første møte i Bjørnafjorden kommunestyre
Vi følger val av ordførar, varaordførar og representantar i utvala.
Direkte: Saka blir oppdatert - trykk her for å lasta artikkelen på nytt
I dag er det konstituering for Bjørnafjorden kommunestyre. Møtet starta i Os Rådhus klokka 16.00.
I lista nedst i artikkelen ser du dei 35 medlemmane av det første kommunestyret i Bjørnafjorden.
• Sjå direktesendt video frå møtet på Bjørnafjorden kommune-TV
(Direktesendinga startar når kommunestyret har godtatt dette, nokre minutt over klokka 16)
Terje Søviknes, leiar i fellesnemnda, styrer starten på møtet. Når formannskap og ordførar er valt, overtar ordførar styringa av møtet.
Her er sakslista - med resultat
Vi oppdaterer etterkvart som votering er gjennomført.
• Representantane er fint kledde, dette er ein høgtideleg dag.
• Frp og Høgre sit no på høgre flanke i salen, sett bakfrå, som opposisjon.
• Sak 12 blei ikkje framskynda, men Søviknes spurde salen om nokon motsette seg at møtet blei sendt direkte. Ingen signaliserte dette, og sendinga skal no vera i gang.
• Søviknes held fram med namneopprop. Alle er på plass.
Sak 1: Godkjenning av inkalling og saksliste
• Innkallinga er godkjent og møtet er i gang.
Sak 2: Godkjenning av val - Bjørnafjorden kommune
• Ingen ber om ordet. Valet er godkjent. Søviknes takkar valstyret for gjennomføringa.
Sak 3: Val av formannskap
• Søviknes orienterer om regelverk.
• Lailla Reiertsen (Frp) er første på talarstolen, Presenterer Frp sine kandidatar til formannskapet.
• Marie L. Bruarøy (H) les opp Høgre sine.
• Nils-Anders Nøttseter (MDG) les opp felles listeforslag på vegne av Ap, Sp, MDG, KrF, SV og uavhengig Harald Lekven.
• Tre listeforslag kom inn. Det går til skriftleg votering.
Resultat:
18 stemmer for felleslista - får 5 plassar
12 Frp - får 3 plassar
5 Høgre - får 1 plass
Bjørnafjorden formannskap får følgjande medlemmar:
Trine Lindborg - ordførar (Ap)
Mikal Leigland - varaordførar (Sp)
Harald Lekven (uavh)
Bjarte Samnøy (KrF)
Tina Bøe Buer (MDG)
Terje Søviknes (Frp)
Laila Reiertsen (Frp)
Espen Aspenes (Frp)
Marie Lunde Bruarøy (H)
Sak 4: Val av ordførar og varaordførar
• Atle Kvåle (Ap) foreslår Trine Lindborg (Ap) som ordførar
• Laila Reiertsen (Frp) foreslår Terje Søviknes (Frp) som ordførar
• Det er berre desse to forslaga som kom inn.
Det går til votering.
Resultat: Trine Lindborg fekk som venta 18 stemmer og er første ordførar i Bjørnafjorden kommune!
Terje Søviknes fekk 17 stemmer. Han gratulerer Lindborg og gir blomar til den nye ordføraren, som overtar talarstolen.
• Etter Lindborg sin tale sette ho seg i ordførarstolen for å leia resten av møtet. Første punkt var val av varaordførar.
• Terje Sperrevik (Sp) fremja Mikal Leigland (Sp) som varaordførarkandidat, Aud May Boge (H) fremja Marie Lunde Bruarøy (H).
Resultat: Mikal Leigland fekk 18 stemmer og er første varaordførar i Bjørnafjorden kommune.
Det er pause i møtet.
KL 16.45: Møtet er i gang igjen.
Sak 5: Val av kontrollutval
Resultat etter «avtaleval» - dette er medlemmane i kontrollutvalet:
Arild Mads Nilsen (Ap)
Anne Gramstad (KrF)
Lin Cathrin Brunborg Anthun (H)
Magne Djuvik (Frp)
Thorstein Skårnes (Frp)
Varamedlemmar:
1. Mette Holmefjord Olsen, SV
2. Helge Mjånes, Ap
3. Dina Helen Leirvåg, Sp
4. Knut Ivar Børgesen, MDG
1. Olav Kvinge, H
2. Bjørn Reidar Matland, H
3. Susanne Sperrevik, H
1. Roald Stigen, Frp
2. Eva Bergstø, Frp
3. Eva Sandtorv, Frp
4. Svein Skoglund, Frp
Sak 6: Reglement for folkevalde i Bjørnafjorden kommune
• Ordførar Lindborg orienterer om forskrift.
• Marie L. Bruarøy (H) tar ordet, legg fram forslag til vedtak om å legga reglemantet ut på høyring, og å praktisera etter desse reglane fram til endeleg vedtak. Ber samtidig om kraftig språkvask av reglementet, blant anna omskriving til nynorsk og omskriving frå rådmann til kommunedirektør, om denne tittelen seinare i dag blir endra.
• Bruarøy kjem òg med forslag til regelendringar.
• Søviknes tar ordet, foreslår behandling etter at innspel er tatt med og regelverk har vore på høyring.
• Boge spør om store endringar etter høyring kan utløysa krav til at regelverket må ut på høyring éin gong til.
• Leigland seier det kan bli ein sein kveld om alle justeringar skal takast no.
• Rådmann Fotland svarer Boge at kommunestyret i denne samanhengen er suverene, og kan vedta det regelverket dei meiner er rett, etter høyring.
Sak 7: Val av plan- og bygningsutval
• Tina Bøe Buer fremja liste på vegne av samarbeidspartia Ap, MDG, Sp, KrF, SV og uavhengig.
• Marie L. Bruarøy fremja liste på vegne av Høgre.
• Terje Søviknes fremja liste på vegne av Frp
Resultat etter skriftleg votering:
18 stemmer for felleslista - får 5 plassar
12 Frp - får 3 plassar
5 Høgre - får 1 plass
Dette er medlemmane i Bjørnafjorden plan- og bygningsutval:
Terje Sperrevik (Sp)
Nils-Anders Nøttseter (MDG)
Marie Hauge (MDG)
Line Furubotn Storum (Ap)
Asle Olsen (SV)
Gustav Bahus (Frp)
Thrude S. Mellingen (Frp)
Tor Inge Døsen (Frp)
Aud May Boge (H)
Terje Sperrevik (Sp) blei med 18 stemmer valt til leiar av PBU.
Nils-Anders Nøttseter (MDG) blei med same stemmetal valt til nestleiar.
Sak 8: Val av tenesteutval
• Lister er lagte fram
• Votering er gjennomført
Bjørnafjorden kommune sitt tenesteutval:
1. Atle Kvåle (Ap)
2. Torgeir Hansen Skjælaaen (MDG)
3. Jakob Enerhaug (KrF)
4. Birgitte Holmefjord Olsen Skibenes (SV)
5. Herborg Irene Borgen Nordtveit (Sp)
6. Eirik André Hesthamar (Frp)
7. Marianne Hjelle (Frp)
8. Tore Kleppe (Frp)
9. Roger Hoel (H)
Atle Kvåle (Ap) er valt til leiar med 18 stemmer.
Torgeir Hansen Skjælaaen (MDG) er valt til nestleiar.
Sak 9: Val til KS i fylkesmøte
• Lindborg orienterer om at Bjørnafjorden kommune, med sitt folketal, har 4 plassar i KS i Hordaland.
Følgjande delegatar etter avtaleval:
1. Trine Lindborg (Ap)
2. Mikal Leigland (Sp)
3. Marie L. Bruarøy (H)
4. Espen Aspenes (Frp)
Kvar av dei fire har kvar sine tre personlege varamedlemmar.
(Samrøsystes)
Sak 10: Endring av tittel frå «rådmann» til «kommunedirektør»
• Ordførar Lindborg orienterer om bakgrunn og framlegg til vedtak: Kommunedirektør er meir kjønnsnøytralt ord enn rådmann.
• Ingen ber om ordet i saka.
Resultat: Rådmann Christian F. Fotland har fått ny tittel, kommunedirektør.
Sak 11: Val av delegasjon for Bjørnafjorden i forhandling om byvekstavtale
Forslag om avtaleval fremja av alle sju parti, og uavhengig, saman.
Dette er Bjørnafjorden sitt forhandlingsutval:
1. Trine Lindborg (Ap)
2. Mikal Leigland (Sp)
3. Nils-Anders Nøttseter (MDG)
4. Marie L. Bruarøy (H)
5. Terje Søviknes (Frp)
Kvar av dei fem med kvar sin personlege vara.
Samrøystes vedtatt.
Første møte er beramma til førstkomande måndag. Bjørnafjorden har administrativt førehandsmøte førstkomande fredag. Kommunestyret skal ha det endelege vedtaket.
Sak 12: Direktesending av politiske møte i Bjørnafjorden kommune
• Ingen ønskte ordet. Men Børge Lunde (H) kom med presisering til ordførar, truleg tipsa han om å spørja om nokon stemmer imot.
Samrøstes vedtatt.
No blir det pause før kommunedirektør Fotland legg fram sitt forslag til budsjett for 2020.
Møtet skal starta igjen klokka 18.30.
Sak 13: Budsjett 2020
Kommunedirektør Christian F. Fotland orienterer kort (ca 1 time) om sitt framlegg til budsjett for Bjørnafjorden kommune 2020.
• Kommunen går 55,1 millionar i minus neste år. Dette blir dekka inn med 12,9 millionar frå fond, 20,6 millionar frå havbruksfond og 21,6 millionar i overføringar frå Staten i samband med kommunereforma.
• Vi ligg an til 60,5 millionar i minus i 2021 og 66 millionar i minus i 2022. Løysinga blir «Bjørnafjorden '22», eit prosjekt med innstramming på drift.
Vi kjem tilbake med meir om budsjettet i eiga sak. Budsjettframlegget blei publisert på bjornafjordenkommune.no under presentasjonen.
Kommunen har budsjettkonferanse på Scandic Kokstad to dagar i neste veke.
Kl 19.24: Møtet er heva. Alle dei 35 representantane fekk med seg ein Bjørnafjorden-kopp i minne frå den historiske dagen.
Medlemmane i Bjørnafjorden kommunestyre:
AP 1: Trine Lindborg
AP 2: Atle Kvåle
AP 3: Gisle Hesjedal
AP 4: Line Furubotn Storum
AP 5: William Lindborg
AP 6: Richard Markhus
AP 7: Helge Mjånes
AP 8: Linda Kjosaas
SP 1: Mikal Leigland
SP 2: Herborg Irene Borgen Nordtveit
SP 3: Peter-Hans de Zwarte
SP 4: Terje Sperrevik
MDG 1: Nils-Anders Nøttseter
MDG 2: Torgeir Hansen Skjælaaen
MDG 3: Tina Bøe Buer
KRF: Bjarte Samnøy
UAVHENGIG: Harald Lekven
SV: Asle Olsen (69/40)
FRP 1: Terje Søviknes (2.124/189)
FRP 2: Espen Aspenes (322/19)
FRP 3: Laila Reiertsen (300/17)
FRP 4: Eirik André Hesthamar (182/29)
FRP 5: Gustav Bahus (185/8)
FRP 6: Magne Djuvik (156/27)
FRP 7: Tore Kleppe (185/16)
FRP 8: Marianne Hjelle (122/16)
FRP 9: Bjarte Aarvik (69/10)
FRP 10: Jonn Garvik (64/9)
FRP 11: Tor Inge Døsen (68/4)
FRP 12: Ole Viggo Skaathun (67/5)
HØGRE 1: Marie Elisabeth Lunde Bruarøy (568/168)
HØGRE 2: Aud May Boge (117/95)
HØGRE 3: Børge Lunde (112/33)
HØGRE 4: Ståle Skaatun (113/25)
HØGRE 5: Roger Hoel (70/48)