– Dikta opp biltjuveri
Meldte bilen stolen - mistenkt for promillekøyring.
I 23-tida måndag meldte ein mann i 30-åra ifrå til politiet om at bilen hans var blitt stolen frå ein bensinstasjon medan han sjølv var inne på stasjonen.
- Meldar fortalde politiet at nøklane låg igjen i bilen og at nokon hadde stukke av med den, seier politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.
Politiet fatta mistanke om at biltjuveriet ikkje hadde skjedd og mannen blei tatt inn til utvida blodprøver.
- Vi mistenker at mannen har kjørt i påvirka tilstand og at bilen er bulka eller skada ein annan stad.
Stal lyspærer
I 18-tida blei ein mann med utanlandsk bakgrunn stoppa på Rema 1000, mistenkt for tjuveri. Politiet blei kontakta og bidrog med å framskaffa ID på mannen. Personen skal ha stole lyspærer frå butikken, men nektar for ugjerninga.
- Vi gav han pålegg om å forlate staden, og butikkeigar kan anmelda saka, seier Hadler-Olsen.