Diesel farger Baronselva
Igjen ligg eit lag med diesel-/olje-skimmer på Baronselva. Brannvesenet slit med å finna kjelda.
Både onsdag og torsdag skal det ha lagt eit lag av diesel/olje på overflata i Baronselva.
– Det har vore slik både i går og i dag, fortel ein Midtsiden-tipsar.
Då vi kontaktar brannsjef Stein Gjøsund fortel han at han er på veg ned der for øyeblikket.
– Eg fekk nettopp tips frå ein som hadde passert der og skal ned for å sjå på det. Eg var ikkje klar over at det skal har vore slik i går også.
– Dette er jo eit gjentakande problem. Vi har freista å finne kilden fleire gonger med har ikkje klart å finna ut kor det stammar frå.
– Ein teori, og eg må understreke at det berre er ein teori, er at grunnen ved bensinstasjonen er forureina og at det ved gitte klimatiske forhold renn ut i elva, seier Gjøsund.
Brannvesenet ber om tips frå publikum om kor utsleppet kan stamme frå.