Dex vil til Os igjen
Dex Carrington fylte to standup-show på Irish Cat i haust. No har han, trass i "ville tilstandar blant publikum", bedt om å få koma tilbake.
Jon Hægland og standupklubben Råkt Opp & Ned starta i fjor haustprogrammet med sjølvaste Dex Carrington på plakaten.
– Showet blei ein suksess med 70 ungdomar på første show og full sal på andre show, seier Hægland.
Nyleg fekk han ein telefon frå Dex, som skal på Rick's i midten av februar, og spurde om han kunne få stå på Os igjen.
– Det var jo ein veldig kjekk telefon å få. Publikum var jo nesten litt for livleg sist han var her, men det skremte han tydlegvis ikkje frå å villa koma tilbake.
Berre eitt show
Dex Carrington, kjent frå blant anna Dexpedition på VG Nett, kjem til Os fredag 15. februar.
Sist han var her var fleire unge fans ivrige på å få eit tidleg show med 18-årsgrense, kveldsshowet har nemleg 20-årsgrense.
– Det får vi dessverre ikkje til denne gong. Han landar på Flesland klokka 18 og kjører berre dette eine showet, og der blir det 20-årsgrense, seier Hægland.
Fire komikarar
Dette er årets første standupkveld på Irish Cat og Jon skal sjølv vera konferansier.
I tillegg til Dex står Anders McAuley, sist høyrt på P3-programmet Popsalongen, og ein noko ferskare Sjur Koppen på programmet.
– Vi har berre fire komikarar denne kvelden, mot fem førre gong Dex var her, så han får endå meir sendetid enn sist, lover Jon.