Kultur | 15. aug. 2012

Dex kjem til Os

Standup-klubben Råkt Opp & Ned har lagt opp til ein stjernespekka haust. Første komikveld blir i august med Dex Carrington, kjent frå blant anna MTV, som headliner.

Dex kjem til Os
Jørgen Kjønø stiller som sitt alterego Dex Carrington når han kjem til Os laurdag 25. august. (Pressefoto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 15. aug. 2012 22:27

Tidleg i vår etablerte komikar Jon Hægland standup-klubben Råkt Opp & Ned i heimbygda.

Ein intens time med fem erfarne komikarar per kveld, éin laurdag i månaden, slo godt an i Os.

Les òg: Soo vittig du e'!

– Vi fekk ein fantastisk start med utselt og venteliste begge dei første kveldane, seier Jon nøgd.

Den siste av dei tre kveldane krasja med konfirmasjonar og ORBO-konsert, men halvfull sal fekk det dei kom for og no er Hægland klar for den første av fire planlagte klubbkveldar i haust.

Dexpedition til Os

Laurdag 25. august blir første klubbkveld, som vanleg på Irich Cat, og Jon opnar hardt.

– Det blir store namn i heile haust, men eg er svært nøgd med at eg har fått Dex til Os.

Dex Carrington, som i fjor hadde eige reiseprogram på MTV og VG Nett, er opprinneleg Jørgen Kjønø, som er fødd av norske foreldre, men har vakse opp ulike stadar i verda og har engelsk som førstespråk.

– Dex er noko av det største vi kjem til å ha i Os. Eg har delt scene med han i Bergen før og han er rett og slett ei stjerne. Han er energisk, gøy å oppleva, dyktig i oppbygginga og har store punchlines, seier Hægland.

To show (oppdatert)

På show nummer to i vår hadde Jon dobbelt program, første runde med 18-årsgrense.

– Eg veit at Dex har mange fans blant dei yngre også, men dessverre var det for få på 18-års-showet i vår til at eg prøver på det igjen, så Dex og resten blir berre for dei frå 20 år og opp.

OPPDATERT: Fleire har vendt seg til Jon og bedt om show for 18-åringar, så no blir det to show, eitt for dei frå 18 år.

Full pakke

Om Carrington kjem til Os så har Jon likevel fleire komikarar på programmet denne første klubbkvelden i haust.

– Jan Tore Kristoffersen, som skulle ha vore her den første klubbkvelden, kjem endeleg til Os. Han er så naturleg morosam at han treng berre vera seg sjølv når han er på scenen, noko med det vittigaste eg har sett i Noreg.

Erlend Osnes, sjef i Stand Up Bodø, står også på plakaten 25. august, saman med Anders McAuley, som også var her i vår og blei svært godt mottatt.

Mykje av hausten er spikra

I tillegg til første show har Hægland kome godt i gang med bookinga til resten av hausten.

– Osingane har mykje å sjå fram til, frå finske Tomi Walamies i september til Dag Sørås sitt D-dag-show i november. Dag er kanskje det hottaste standup-namnet i Noreg nett no og kjem til å ha fullt show heile kvelden åleine, seier Jon Hægland ei god veke før haustprogrammet startar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.