– Dette var gøy!
Denne veka er 35 ungar og ungdomar i sving på golfskule hos Bjørnefjorden Golfklubb.
– Dette var knallgøy! Eg har aldri spelt golf før, bortsett frå litt minigolf, men no vil eg byrja å spela fast, seier Filip.
Kurskameraten Martin er einig.
– Vi lærer mykje og så får vi frukost og lunsj. Det er kjempekjekt her!
Les òg: Triks med Solveig
– Godt å koma ut
Etter to dagar med grått og vått vêr var det i dag skyfri himmel over golfbanen på Hauge.
– Når du har over 30 ungar å passa på er det godt å vera utandørs, seier hjelpeinstruktør Magne Skage.
Han bistår juniorspelar Mariann Teigland Lepsøy, som har hovudansvaret for den eine nybyrjargruppa.
– Vi var ein del inne dei første dagane, på simulator, og under det nye taket over drivingrangen, fortel Mariann.
– Men no øver vi på chipping og putting.
35 deltakarar i 5 grupper
Rektor for golfskulen, Solveig Helgesen, fortel om 35 deltakarar på årets golfskule.
– Vi har delt dei i fem grupper, ei elitegruppe på fem etablerte spelarar, to grupper for dei som har spelt litt før og to grupper for dei som er heilt nye.
– På kvar gruppe har vi ein juniorspelar som hovudinstruktør og ein vaksen som hjelpeinstruktør. Det har fungert veldig fint og eg kan vandra fritt rundt og hjelpa litt til på dei ulike gruppene.
– Litt betre kvar gong
Vegard (10) er yngstemann i elitegruppa.
– Eg har spelt golf nokre år no, eg hugsar ikkje kor lenge.
– Og eg har vore med på fleire golfskular, fortel Vegard.
Han synest ei veke med golfskule er gjevande, også for han som speler ein del elles i året òg.
– Det er bra med mange timar kvar dag i ei heil veke, eg merkar det kvart år at spelet mitt er litt betre etter at eg er ferdig på skulen, seier han.