Dette klarte ikkje trønderane
Produksjonen av Vestlandslefsa flyttar igjen, no til Stranda.
I januar 2012 blei det kjent at dåverande eigar, Rieber & Søn (no Orkla Foods), ville flytta produksjonen av Vestlandslefsa frå fabrikken på Bø til Lierne i Trøndelag. Ein av bakgrunnane for flyttinga var at fabrikken på Bø trengde vesentlege oppgraderingar, samstundes som fabrikken i Lierne gjekk med ledig kapasitet.
Den gong fortalde hovudtillitsvald for Toro Os, Stian Kyte, at det hadde vore prøveproduksjon i Lierne og at dei sleit med å gjenskapa den genuine Vestlandslefsa.
Les òg: Vestlandslefsa blir flytta
Mykje gjekk gale
Trønderane forsikra om at dei skulle klara å laga like gode lefser som vestlendingane.
– Vi kan laga minst like god Vestlandslefse som vestlendingane, meinte Lierne-gründar John Helge Inderdal då.
Inderdal hadde då selt fabrikken til Rieber & Søn, men heldt fram som implementeringssjef i fabrikken.
No fortel Inderdal kva som gjekk gale, då dei skulle implementera produksjonen i Trøndelag.
Til Namdalavisa fortel Indredal om kva som skjedde i samband med at produksjonen blei flytta frå Os til Lierne. Manglande engasjement og vilje til å driva vidare i gründerånd hjå leiinga og store utskiftingar gjorde at fabrikken sleit.
– Eg ba om frie tøyler. Det var gjort mykje gale som måtte rettast opp igjen, fortel Inderdal, som fekk avslag på tilbodet.
I staden henta eigarane inn nye folk, og delar av produksjonsutstyret frå Os.
Les òg: Her blir lefsefabrikken tømt
Flyttar på nytt
Etter fleire år med dårlege økonomiske resultat avgjorde styret i Orkla Foods tysdag at fabrikken i Lierne lir same skjebne som fabrikken på Os gjorde. Den blir lagt ned.
Til dagens styremøte hadde styret tre val.
- Oppgradering av verksemda i Lierne.
- Flytting av produksjonen.
- Sal av fabrikken til ei investorgruppe med tidlegare gründer Indredal i spissen.
Styret falt ned på løysinga om å flytta produksjonen frå Lierne til fabrikken på Stranda, kor dei mellomanna produserar pizza.
– Det viser vel berre at dei ikkje tok ei god avgjer då dei bestemte seg for å legga oss ned.
– Vi får berre ønskje dei lykke til på Stranda, kommenterar Kyte.
– Her kompetansen sit
På spørsmål om det kunne vore ein tanke å jobba for å flytta Vestlandslefsa heim til Os er Kyte klar.
– Det er her ekspertisen til å få det til ligg.
– Den kompetansen familien Bøe og Fagerthun Mekaniske sit på, er den som gjorde Vestlandslefsa til den suksessen den blei.
– Men det vil nok krevja mykje kapital å få det til, avsluttar Kyte.