– Dette er det nye
Kommunal- og moderniseringsminster Jan Tore Sanner (H) lét seg imponera over gründerane i Bjørnefjorden Gründerpark.
Tysdag ettermiddag kom kommunal- og moderniseringsminster Jan Tore Sanner (H) på ein snarvisitt til Bjørnefjorden Gründerpark kor han blei møtt av ordførar Marie Bruarøy (H), rådmann Christian F. Fotland og næringssjef Daniel Skotheim.
– Os kommune har investert 500 000 kroner i gründerparken kor målet er å få opp talet arbeidsplassar i kommunen. Det er ei av utfordringane ved å ligga så tett på ein storby som Bergen, innleia Bruarøy før to av gründerverksemdene, Byggmappen - Lean Konseptutvikling og MA Gruppen fekk presentera sine prosjekt for statsråden.
– Sterke miljø som utviklar ny verksemd
Statsråden lot seg både imponera og engasjera under dei to innlegga.
– Dette var to flotte representantar. Det er to sterke miljø som utviklar ny verksemd. Dei er to veldig forskjellige verksemder som begge byggjer for framtida, oppsummerte Sanner, då Midtsiden ba om ein kommentar.
– Byggmappen er i tråd med det vi frå statleg side tenkjer. Vi skal ha papirfrie byggplassar uten feil og ein betre dialog med både utbyggjar og bustadkjøpar. Det Lean Konseptutvikling presenterte viser at dei er blant dei fremste på området.
– MA Gruppen med mikroalger er det virkeleg dimensjoner, som svarar på dei utfordringane vi har med bruk av biomasser og -avfall.
Hjelper kvarandre
På spørsmål om kva han tenkjer om at kommunen har tatt initiativ til gründerparken var Sanner tydeleg.
– Denne typen gründerparkar er det nye. Her møtast svært ulike miljø, kor dei får delt ideear og hjelper kvarandre med utviklinga. Det er ein god måte å hjelpa nystarta verksemder på, konkluderte Jan Tore Sanner.