– Detaljar må venta
Kva informasjon tar Statens vegvesen med seg til Oseana og kva omsyn blir tatt om det kjem bru frå Reksteren til Os?
Tysdag 29. januar skal det vera informasjonsmøte for kommunestyret i Oseana.
Les òg: Med fakkel mot "dei tafatte"
Signe Eikenes frå Statens vegvesen fortel at det er regionvegsjef Helge Eidsnes som kjem til Os for å informera.
– Kva kjem han til å informera om?
– Det blir i hovudsak ein presentasjon av nye kostnadstal og om samfunnsnytte for dei to alternativa.
– Kan folk venta å få sjå nokre skisser for landingspunkt og vegen vidare frå bru til dagens E39?
– Nei. Vi har ikkje teikna noko meir. Naturlegvis har vi nokre skisser, men vi vil ikkje visa desse no. Det kan skapa unødig uro, alternativ til ilandføring og veg vidare kjem i neste fase.
– Mange er urolege for at delar av skjergarden i Os skal bli øydelagt, og motstanden ser ut til å auka. Aksjonsgruppa mot bru meiner det er kritikkverdig at dei ikkje får fleire detaljar.
– Det kan eg forstå, men vi er framleis på eit tidleg nivå. No skal vi berre bestemma om vi skal planlegga denne vegen.
– Om det blir beslutta at vi skal planlegga den, så kjem det ei rekke høyringsrundar og demokratiske prosessar.
– Men i ei så stor sak, med val av trasé, burde det ikkje vore fleire detaljar også på eit tidlegare tidspunkt? Spesielt når det også er snakk om å framskynda plan- og byggearbeidet, å skru tempoet opp på heile prosjektet og kanskje bygga parallelt med planlegging.
– Det er eit dilemma at denne avgerda skal bli tatt utan at enkelte føler at dei har nok informasjon, men dette er eit statleg verktøy for å sikra at vi ikkje brukar mykje ressursar på å planlegga noko som ikkje blir noko av.
– Om det blir beslutta å gå med bru frå Reksteren til Os, kva omsyn blir det tatt?
– Det er veldig strenge krav i plan- og bygningslova, ikkje minst til støy. Også etablerte bustadområde er noko det blir tatt omsyn til, svarer Signe Eikenes.
Eikenes har også tidlegare svart på spørsmål om motstand i Os og om vurdering av konfliktnivå.
Les òg: Eikenes fortel om rapporten