– Det verste som kunne skje
E-39: – Statleg reguleringsplan er det verste som kunne skje. No mistar lokaldemokratiet all makt, tordnar leiar i folkeaksjonen, Knut Børgesen.
Det var ikkje berre brutilhengarane som var til stades då samferdselsministeren presenterte regjeringa si avgjersle vedrørande ferjefri E-39. Tilstades var òg brumotstandar Glenn Erik Haugland og leiar i folkeaksjonen mot bru over Bjørnafjorden, Knut Børgesen.
– Det kom jo ikkje som ei overrasking at ei går for bru over Bjørnafjorden, men at det skal gjennomførast som ein statleg reguleringsplan såg vi ikkje komma, seier Børgesen.
– Det var det verste som kunne skjedd oss og er det mest skremmande av alt.
– No blir lokaldemokratiet redusert til ein høyringsinstans. Det gjer det mykje vanskelegare å påvirka og å få gjennomslag for lokale hensyn.
– Det kan ende med ein frykteleg motorvei gjennom ope lende.
Utelukkar ikkje sivil ulydigheit
Glenn Erik Haugland er like opprørt over avgjersla som Børgesen.
– Eg er bekymra for at vi ikkje står så sterkt i kommunestyret, som vi ville gjort om det skulle vore lokale reguleringsplanar.
– Kampen har så vidt begynt. Vi har tapt eit slag, men ikkje kampen.
– Eg ser ikkje bort frå at eg går frå å vera politikar til å bli aksjonist. Sivil ulydigheit kan ikkje utelukkast, smalt det frå Haugland.
– Må ha respekt for kvarandre
Ordførar Terje Søviknes (Frp) er nøgd med avgjersla frå regjeringa, men uroa over korleis den lokale kampen vil bli.
– Eg har tenkt mykje på den problemstillinga.
– Eg håpar vi, sjølv om vi er ueinige og nok kjem til å få lange, harde og krevande kampar kan klara å ha ein gjensidig respekt for kvarandre.
– Det siste eg ønskjer meg er ein opprivande bygdestrid slik som det var då ungdomsskulen skulle byggast på 60-talet.
– Bygdestrid kjem det til å bli, men at vi skal ta saka og ikkje mannen kan eg vera samd i, svara Børgesen.