– Det var eit vanskeleg søk
Kommunen har lokalisert og fiksa vasslekkasjen i Industrivegen, men framleis må dei som bur i Strøno, Ytterøya, Hagavik, Askvik, Nore Neset og på Lepsøy koka vatnet.
Sjølv om vasslekkasjen er funnen og utbetra, må framleis eindel av innbyggjarane koka vatnet. Dette gjeld dei som bur i Strøno, Ytterøya, Hagavik, Askvik, Nore Neset og på Lepsøy.
– Det er eit etterslep etter ledningsbrotet. Vi køyrer no reint og reinsa vatn i leidningsnettet i heile kommunen. Men i dei områda kor vi kobla inn krisevatnet frå Hovlandsvatnet opprettheld vi kokevarselet fram til vi har fått spylt ut heile nettet og tatt nye vassprøvar og sjekka disse.
– Vi jobber for å kunne gje ny opptatert informasjon i løpet av dagen, men enn så lenge må dei som er berørt framleis koka drikkevatnet, fortel teknisk sjef Marianne Kramer.
God drenering
Leidningsbruddet blei oppdaga natt til søndag etter at alarmar om høgt vassbruk gjekk.
– Vi hadde, saman med Bergen Vann, ute mannskaper allereie natt til søndag for å leite og lytte etter lekkasjen.
– Det viste seg etterkvart at brotet var ved Montér i Industrivegen, men på ein annan plass enn vi først trudde. Brotet var på undersiden av vassledningen og grunnen var så godt drenert av store steinar og grus at alt vatnet forsvann ned i den.
– I mange tilfelle får vi hjelp til å lokalisera eit brot fordi vatn kjem til overflata på plasser det normalt ikkje skal komma.
Frustrerande søk
Kramer fortel at Bergen Vann kalte ut alt av «lyttarar» for å lokalisera brotet.
– Dette er mannskap som er spesialistar på å lytta etter vassbrot ved hjelp av eigne lyttemiddel. Eg skal innrømma at dei blei relativt frustrerte over at dei ikkje klarte å finna brotet så fort som dei ville.
– Årsaken til at det tok tid var mellomanna at det i den same grøfta som vassledningen gjekk også gjekk ei overvassleidning. I denne var det så høg vassføring at den "maskerte" lekkasjen, forklarar Kramer.
I tillegg låg det fleire høgspentleidningar i området, noko som gjorde at også BKK måtte vera på plassen i samband med gravinga.
– Dette var eit vanskeleg og komplisert brot å finna, konkluderar teknisk sjef.
Krisevatn, ikkje reservevatn
Grunnen til at delar av Os fekk melding om at dei måtte koka vatnet er at Hovlandsvatnet måtte koblast inn. Hovlandsvatnet er ei krisevasskjelde, som blir reinsa berre med ei reinsemetode, klor, medan det vanlege vatnet blir reinsa med minst to metodar.
Når krisevatnet blir kobla inn, kan ikkje kommunen garantera at vatnet er reint nok i høve forskrifter og krav og ein sender difor ut kokevarsel.
– Vurderinga vår var at det er betre at folk får vatn, sjølv om dei må koka det, enn at dei ikkje får vatn i det heile tatt.
For dårleg kapasitet
Ved mindre og kortvarige brot i vassforsyninga nyttar kommunen seg av reservevasskjeldene som er i ulike høgdebasseng i kommunen. Dette vatnet er ferdig reinsa og har same kvalitet som vatnet som kjem direkte ut i leidningsnettet.
– Reservevasskjeldene i Os er høgdebassenga. Det er ikkje å stikke under ein stol at kapasiteten på desse er begrensa, men det er noko vi jobbar med å betre på ved å byggja ut nye høgdebasseng.
Mellomanna er det eitt nytt basseng under planlegging på Bjørnen.
Kan ikkje tømme høgdebassenga
– Utfordringa er at vi ikkje kan tømme høgdebassenga heilt, då risikerer vi nemleg å måtte stenge ned vassforsyninga i heile Os fordi vi då har ein risiko for tilbakeslag i nettet, med påfølgjande tilbakeslag.
– Dette vil vi unngå, og det er difor vi kobla inn Hovlandsvatnet som krisevatn, forklarar Kramer.
Får ny reservevasskjelde
I samband med bygginga av E39 mellom Os og Bergen legg ein opp til at Bergens-vatnet skal bli reservevasskjelde for Os.
– Planane og avtalene ligg der, men dette kjem ikkje på plass før vegen er ferdig.