Kultur | 17. juli 2011

Det Tôg av!

Rock N LoL: Etter at Neoplasma fekk det til å koka over i teltet kom Tôg på hovudscenen. Klokka var 21, men det såg ut som midnatt.

Det Tôg av!
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysundag 17. juli 2011 03:04

Bildeserie:

bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
1 av 10

Nokre var nok prega av ein lang og hard fredagskveld, andre brukte litt tid på å koma seg på festival laurdag, for det såg ei stund litt roleg ut på festivalområdet på Søfteland.

Kveldsprogrammet starta klokka 17, med dei populære osingane i King Calling og sjølvaste Heilag Olav (verten, bonden Olav Valle).

Norma Sass var først ut på hovudscenen, så Overthrow i teltet og Death By Unga Bunga (ja, dei rakk det i år) på hovudscenen igjen.

Stemninga byrja å siga på, så tok det fullstendig fyr i teltet då Os-bandet Neoplasma gjekk på den nye tilleggsscenen i teltet.

Tôg følgte opp med stemning framfor hovudscenen som gjorde at ein skulle tru at det var kveldens siste konsert. Klokka var 21.

Neste band ut var jentebandet Razika, som mange tydelegvis hadde venta på. I teltet var det allsong på Razika-låtar før bandet gjekk på scenen.

Lukestar var neste ut, på hovudscenen, før Major Parkinson var kvelden siste i det populære teltet.

Ida Maria runda av Søfteland Rock N LoL til stinn brakke framfor hovudscenen.

Midtsiden kjem tilbake med meir om laurdagskvelden, video og fleire bilde, og ein snutt frå ein stemningsfull intimkonsert på Drus Kæmp.

Midtsiden samleside: Søfteland Rock N LoL

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.