- Det største som kan skje
Førre helg vann 17 år gamle Tiril Sjåstad Christiansen gull i slopestyle i X-games. Ein viktig person i Tiril sitt supportteam er Kenneth Nordahl-Pedersen frå Os
Tiril er utøvar i greina New School (jibbing) på Norges Toppidrettsgymnas på Lillehammer, ei grein Nordahl-Pedersen frå Søre Øyane har vore sportsjef for i snart tre år.
- Det Tiril har prestert er heilt fantastisk, det er umogleg å forklara kor stort det eigentleg er, fortel ein entusiastisk og stolt sportsjef.
Etter å ha vore på X-games to år på rad, prioriterte han i år å halda seg heime får å få gjort unna kontorarbeid.
- Angrar du no?
- Ja, eg gjer nok det, seier han og ler
OL for ekstremsport
For dei litt uinvidde er X-games, kort fortalt, ekstremsporten sitt OL, og kanskje det største ein ekstremsportutøvar kan vera med på.
- Tiril kom inn som underdog, utan store sponsorar, og gjer ein utruleg prestasjon!
- For å samanlikna så gjorde Kaya Turski, som kom på 2. plass, eit av sine beste renn og likevel fekk Tiril betre poengsum i begge omgangane.
Kaya Turski frå Canada har vunne slopestylen i X-games tre år på rad.
Blei headhunta
Då Tiril var 14-15 år "headhunta" Nordahl-Pedersen ho til NTG.
- Eg hadde høyrd om ei jente frå Geilo som var så god på ski, så eg møtte ho og mora hennar og anbefalte Tiril å søkja plass på NTG.
Året etter kom Tiril inn på skulen og ho, Kenneth og dei to andre trenarane har sidan jobba knallhardt saman for å utvikla talentet hennar.
- Tiril er heilt rå, ho set seg høge mål og jobbar intenst for å nå dei, utan å vera redd for noko.
Har draumejobben
Kenneth, som no bur saman med sambuaren Live på Lillehammer, har tidlegare tatt bachelorgrad i Sport Management på Norges Idrettshøgskole i Oslo. Jobben som sportsjef i NTG søkte han på før han var ferdig utdanna, så då han var ferdig gjekk turen rett frå skulebenken til ny jobb.
I jobben har han ansvar for blant anna organisering av treningsopphald, økonomi og personale, i tillegg til å ha ein trenarfunksjon for sine 30 utøvarar.
- Det er mykje jobb, men eg vil seia eg har drøymejobben.
- Eg styrer mi eiga arbeidstid, er mykje ute og reiser og så får eg betalt for å stå på ski!
Sjølv har han stått på ski så lenge han kan hugsa, og han har reist mange timar for å kunne dyrka interessa.
- Men det var ikkje noko organisert då når eg var yngre.
Blir verande
Det ser ikkje ut som at Kenneth vil venda nasa mot heimbygda med det første, i alle fall ikkje for å endra adresse.
- Eg saknar Os, men det må det skje ei global nedfrysing for at det skal bli forhold som får meg til å flytta heim igjen, seier han spøkjefullt.
- Eg er nok alt for glad i ski og snø.
- Men det finnest ikkje enn betre plass enn Øyane, så eg reiser heim så ofte eg kan for å nyta sjølivet, som eg også er veldig glad i.