– Det såg ut som ein menneskekropp
Ein kaptein melde i frå då han observerte noko som kunne sjå ut som ein person som låg i fjæresteinane.
I 16.30 tida måndag var ein kaptein som jobbar for Vestlandsbryggen ute på fjorden og slepte ein annan båt.
Då han passerte Ramsholmane såg han noko som låg i fjæresteinane, og gjennom kikkerten såg han at det kunne likna på ein menneskekropp.
– Kapteinen hadde for stor båt og kunne ikkje kjøra nærare for å sjå, så han kontakta då HRS som igjen kontakta oss, fortel politibetjent Anne Lyssand frå Os lensmannskontor.
Politiet rykte ut og på Halhjem kai møtte dei Os Brannvesen.
– Brannvesenet kjørte ut med båten sin for å sjå.
Då dei kom ut til staden fann dei ein kjeledress som låg og flaut i fjæresteinane.
– Dei sjekka dressen, men det var ikkje noko inni, avsluttar Lyssand.